Opprett bruker
eller
Logg inn
Meny
Lukk
Send pengesøknad
Søk mentorhjelp
Arena
Medlemmer
TrafoTalent
TrafoProfiler
Nyheter
Workshops og konkurranser
Hjelp
Om Trafo
Gode råd
Kontakt oss
Last opp verk
Logg inn
Opprett bruker
Bidrag
Svanhild Amdal Telnes
Byen er i ferd med å starte opp. For meg: som ein rusten bilmotor. Som Volvoen på låven, Volvoen som stod stille i vintermånadane, sidan me aldri kunne vite om han starta eller ikkje, og eg kjenner meg enno ikkje heilt sikker på om eg vil komme i gang. Mamma ...
Studentar i startblokkene
Studentar i startblokkene
Svanhild Amdal Telnes
med ryggen mot moloen i ly for lange blikk, i ly for byens bitt eg er gøymd, er ei gåte i kvelden så kjem ho, ei jente: balanserande på moloen skvett av å sjå meg skvett av min mørke kropp for ho er eg brotet, eg flisar opp ein tanketråd
Tanketrådar
Tanketrådar
Svanhild Amdal Telnes
«Nokre familiar frys til is om vinteren,» prøvar eg meg forsiktig. Neglene hennar bit seg inn i handflata mi. Snøen me står på er kram, men ikkje spennande. For mindre enn eit minutt sidan, laga ho englar og snølykter, ho heiv seg hysterisk rundt frå fonn til fonn, og gjorde ...
Skifte
Skifte
Svanhild Amdal Telnes
Gjennom ruta ser jeg stillaset, den blå presenningen, beina til en mann som aldri går hjem, men som bare går fram og tilbake, her utenfor vinduet mitt, time etter time går han sånn, og denne dagen er så djevelsk lang. Det er 13 dager siden jeg gikk på do sist, ...
13
13
Svanhild Amdal Telnes
meg under flaggstonga: åtte år og sju hol i shortsen junigraset i nakken min, humlesong og honningskyer, det kvite flagget heisar seg over meg, signalet om at nokon treng hjelp, murringa i magen min det kvite flagget den kvite handflata det kvite i augo hennar
Polaroid frå 1982
Polaroid frå 1982
Svanhild Amdal Telnes
Jeg tok heisen på Hamar stasjon med to eldre kvinner. De hadde begge med seg mengder av bagasje, og jeg, med min enkle fjellsekk og skulderveske, merket fort at det ikke var godtatt at heisplassen skulle deles. Ung var jeg jo også, bare 22 år gammel, enda det visste ingen ...
Jeg håpet de ikke merket det
Jeg håpet de ikke merket det
Svanhild Amdal Telnes
ei knust eggeplomme bikkar bergets hattebrem havet er ei skål tomatsuppe
Utan tittel
Utan tittel
Svanhild Amdal Telnes
eg er ferdig med å springe ned frå fjellet eg rullar, vaggar, sklir, skrensar og håpar det tek meg ned om ikkje vert eg verande vert eg masta du lyfter augo mot om kvelden
Aldring
Aldring
Svanhild Amdal Telnes
Synet av den krumme ryggen hans gav meg alltid gåsehud. Eg kjenner enno nuppane på handbaken: harde, kalde, nesten etsande, endå det er fire år sidan eg såg ryggen hans sist. Slik såg eg han: skutt inn mot rygglenet på kontorstolen, som om han håpa ryggen kunne skjule skjermen, skjerme ...
Boomerang
Boomerang
Svanhild Amdal Telnes
kven er den 81-år gamle heksa som stal rygggen min mens eg sov, og korleis kom ho seg inn vindauget i tredje etasje?
spørsmål på morgonkvisten:
spørsmål på morgonkvisten:
Svanhild Amdal Telnes
Det står ei kvinne med skaut i utkanten av parken. Skjørtekantane heng hardt mot jorda, lagvis, som ein sedimentær bergart, ein skiferstakk innanfor framstykket, det bergtakande blikket, hogd i meg, der eg kjem gåande ned vegen mot ho. Sedimenta i naturen; danna av forvitring, hugsar eg frå skulen, av nedbryting ...
Kvinna
Kvinna
Svanhild Amdal Telnes
Eg har ein venn som prøvar å få meg til å skrive på papir. Orda vert noko meir då, seier han, noko du ikkje kan ta vekk, seier han, for på arket vert orda dine varige. Verande. Vakre. Vert du ikkje blenda av den kvite skjermen? spør han, og eg ...
ctrl + alt + delete
ctrl + alt + delete
Svanhild Amdal Telnes
kredittkorta bak kaffikanna hentelappane frå ebay, etsy, ellos dei eg fekk ein femmar for å fiske ut av postkassa, for å løyse inn, for å ikkje snakke om heime ein barndom på avbetaling
Vår vesle løyndom
Vår vesle løyndom
Var nå dette med å halde hjula i gang... Eksamenstid kan drepe ei kvar form for skriveflyt.
Svanhild Amdal Telnes
du la att all denne lufta eg får framleis ikkje puste
Lågtrykk
Lågtrykk
Svanhild Amdal Telnes
bryr meg mest om reisverket, panelet i gangen, trappetrinna med hakk i eg står opp for å fylgje ei flis med fingeren, halde rundt søylene, teikne skisser av ei ny trapp alt for å ikkje ta stilling til kva ein slik heim skulle romma
Om morgonen:
Om morgonen:
Svanhild Amdal Telnes
me står att her på brua mai, midnatt raudruss som feirar men det er det blå ljoset som sett seg i meg som eit glasmåleri eg ikkje kan slå sunt og eg slår og slår når eg legg brua bak ryggen eg slår og slår for å fjerne meg frå ...
18 år og 217 dagar
18 år og 217 dagar
Svanhild Amdal Telnes
ein vev av manglar mellom oss me lét han henge seg slitesterk og snart kan me kle oss i dydene me mista eller aldri har hatt møtest motvillig på midten over ho hurpa som sneik i køen kvelden før
Desse morgontimane i mai
Desse morgontimane i mai
Svanhild Amdal Telnes
eg sitt her og håpar at den neste bakterien som blir resistent er deg
Motstandsdyktig
Motstandsdyktig
Svanhild Amdal Telnes
etter dette eig du nokon andre sin seksualitet han var ikkje din å ta var verken til sals, eller utlån etter dette er du skrustikka som strammar når skumringa kjem
Med bomber som alibi
Med bomber som alibi
Svanhild Amdal Telnes
kvelden vår var ein tom parentes no slår svingdøra stilt mot karmen er eit rytmisk spor av at du kom og ikkje vart verande
Hjarteslag
Hjarteslag
Svanhild Amdal Telnes
du veit når du ser på klokka, og det plutseleg har gått seks minutt, så sett skjelven seg i underkjeven, for hadde du måtta tippe ville du kanskje sagt 2, eller til nød 3,5 og du tek innover deg at du hadde vore mellom 4 og 2,5 minutt unna, tenkjer ...
Tidsnok
Tidsnok
Svanhild Amdal Telnes
Frustrasjonen over å ikkje få kjøpe éin, enkel sigarett, perfekt på den blå benken i halv fem-sola, for å feire dagen og kjenne det kile langs luftrøyret, men eg røykjer jo ikkje, så hadde eg kjøpt ei pakke ville eg blitt sitjande att med 19 påminningar om at eg tok ...
20 pk
20 pk
Svanhild Amdal Telnes
én dag med narsissistiske tilbøyeligheter mellom trehundreogsekstifire blaff av nøktern norskhet
bursdag m1 (norr. byrsisdagr, beslektet med ballong)
bursdag m1 (norr. byrsisdagr, beslektet med ballong)
Svanhild Amdal Telnes
dei stod opp: vaska vekk festen som hadde sete seg i sofaen åt restane av eit sosialt kadaver til frukost middag kvelds åt dagen tom for spor
Utan tittel
Utan tittel
Svanhild Amdal Telnes
ein mynt på bordet mellom oss me spinn han et av han, øre for øre, spelar blodmynt når me er svoltne krona går rundt og rundt mellom oss: kjenner dragsuget i magen kjenner det svimle for augo, snart slepper stolbeina og me flyg for fyrste gong landar ein stad der ...
Leve av død hud
Leve av død hud
Eg er ganske spent på kva folk les ut av dette, så kom gjerne med reaksjonar eller tankar. Viste diktet ...
Svanhild Amdal Telnes
som når raudvinsglaset eg knuste blir liggande på golvet raude dråpar av tvang mellom bitane størknar inn, blør ut eg sit i senga ser dråpane døy
TrafoTalent
Aldri så fri
Aldri så fri
Svanhild Amdal Telnes
du legg deg som oske over orda han smører utover meg: halsen, nakken, brystet og han smører meg med tunga si. slik fann eg ut at dei ikkje har avkutta tunger, danskane, det sa du jo alltid når naboen nærma seg
Den danske naboen
Den danske naboen
Svanhild Amdal Telnes
mørketid ved kjøkkenbordet koppen med skår i, smørspora som ingen laga parlivets punktskrift
Kjenne punkta ligge mellom oss
Kjenne punkta ligge mellom oss
Svanhild Amdal Telnes
Du døydde frå meg og barnesenga. Pulvermjølkflaska og tripp-trapp-stolen, som endå er alt for høg, og ikkje før om to, kanskje tre år kan han brukast, og då har du allereie vore død i to, kanskje tre år. No frys eg. Eit hekla barneteppe, nålestikka i underarmen. Eg hugsar dei ...
Stilt
Stilt
Kortprosatekst som er tenkt inn i eit prosjekt som førebels har tittelen "I dei beste familiar". Familiedynamikk, ære, skam og ...
Svanhild Amdal Telnes
Så bankar du på døra mi. Det er midten av mars og sølepyttane i tunet mitt er dekte av tynne hinner. Eg kan sjå kor du har gått, for tre av isflatene er sprukne, slik som leppene dine var den fyrste gongen du besøkte meg. Du smaka sjuk pust og ...
Forlating for syndene
Forlating for syndene
Svanhild Amdal Telnes
Forrige
Neste