TrafoTalent for mai: Ettertanke

Publisert 7. juni 2011

Sist oppdatert 14. september 2011

News article image

Trafo-mentor Ingrid Z. Aanestad har kåret TrafoTalent for mai:

Kjære trafo-medlemmer,

takk for at de deler med dykk av det de skaper! Eg har klikka meg gjennom alle
arena-bidraga frå mai nokre gonger og sit igjen med eit inntrykk av at noko er
på gang her, noko viktig og bra. Det finst mange modige, tydelege, særeigne
uttrykk som inspirerer, berører og set tankane i sving.

Dei visuelle bidraga er i klart fleirtal i mai, og eg merker meg særleg
sepoe med kanin-
tegning
og den nydelege kollasjen I’m a
Rock
(gler meg til å sjå denne teknikken
vidareutvikla!), Mokinzi med den
urovekkande teikninga av ein tre-øygd rev i Fra et nytt
perspektiv
og ein annan litt skrudd
dyreteikning - Asthmatic Bat av
stinegurine. Sistnemnde teikning er
veldig fint utført og har samtidig ein rar og personleg vri som gjer at han
festar seg hos betraktaren. Lysgaard har,
tidsriktig nok, publisert to særprega og ekspressive russeteikningar,
russ og
russ2, som gir assosiasjonar til
propagandaplakatar og revolusjonsestetikk. Morsom kræsj mellom motiv og
uttrykk.

Det er mange dyktige fotografar på trafo, og blant dei som utmerkjer seg med
tydelege prosjekt og eigne løysningar vil eg særleg peika på
AnnWeber og Ena
Kreso
, som begge har sterke bidrag i mai.
AnnWeber særleg med Natten,
Liljekonvall og
EnsommeDyrHarMangeKlær. Desse bileta
er svært ulike, men peiker alle på ein utforskande, uredd og kreativ fotograf
i utvikling. Ena Kreso sitt vakre og gåtefulle
portrett gjer meg nysgjerrig og gir
meg lyst til å følgja henne vidare. Også mads
vidarefører prosjekta sine konsekvent i fotografia
sjåfør og
morgen. Han er ein fin observatør med
blikk for lys, for det skjøre ved menneska og samanhengane dei inngår i.

Blant tekstbidraga synest eg Lindaninja
med Du må bygge meg på håndfaste
bevis
og
løkkeskrift skiljer seg positivt ut.
Her finst både eit presist og lett språk og ei poetisk evne til å knytta
bilete og assosiasjonar saman til ein heilskap. Kvardagslege observasjonar
blir stilt saman med døds-alvor, bokstaveleg talt. Også
nattfalls tekst
uutholdeligheten gjer inntrykk, som
ein fortvila dans i tekstformat.

Elles er eg veldig begeistra for låta time has changed
us
av
lyslinjene. Enkel og kanskje enno noko
uferdig, men åh, så fin! Melankolsk og sterk, med tydelege teikn på at me har
med ein lovande låtskrivar å gjera.

Nokre er nemnde no, mange ikkje. Eg minner om Dylan Thomas sitt svar då han
fekk spørsmål om kven som var den beste poeten i England: “Oh, is it a
competition?” På ein måte skulle eg ønska eg kunne avslutta her med den same
utsegna, men sidan oppdraget mitt er å plukka ut eit TrafoTalent, eit verk som
skiljer seg særleg ut denne månaden, er det ei glede å kunna peika på teksten
vi av
ettertanke.

Dette er ein kort prosatekst som skildrar ein tenkt, kollektiv tilstand der
“vi” blir rennande, som vatn gjennom røyrsystem og kloakk. Det er eit poetisk
tankeeksperiment, der setningane flyt etter kvarandre nedover sida og nærmast
mimar rørslene til vatnet. Teksten har eit rytmisk drag, noko lett
suggererande, og klare bilete blir skapte av eit i utgangspunktet abstrakt
materiale. Det er lett å sjå føre seg den gamle mannen som bekymra står og
lyttar til den sildrande lyden bak veggen, og det siste biletet i teksten -
dei inntørka seinsommar-manetene - er ei sterk avslutning som vrir og opnar
teksten for lesaren. Styrken til teksten som heilskap er då også først og
fremst måten han får fram ein tilstand, ei kjensle, ei tankerekkje på. Det er
ikkje opplagt kven “vi” er, men kanskje kan ein tenka seg at det er
forfattaren og lesaren i lag, at ein som lesar blir trekt med gjennom
vassrøyra når ein les denne teksten.

Den som vil kan gjerne gå inn og tolka vidare - er førestillinga om det
rennande vatnet kanskje eit bilete på ein menneskeleg tilstand av noko i
rørsle; vagt, flytande, udefinert? Å ikkje vita kor ein er på veg, men lata
seg føra med straumen? Det fine med vi er imidlertid at teksten også fungerer
utan noko form for tolking, det som står utskrive på linjene er meir enn nok.
Det er rett og slett ein god tekst som er enkel og rask å lesa, og som nesten
umerkeleg festar seg i minnet.

Med håp om ein nydeleg sommar til alle,

Ingrid Z.