Gjestementor Tord Torpe takker av

Publisert 1. desember 2016

Sist oppdatert 1. desember 2016

News article image

Månaden som gjestementor her på trafo har vore spanande.
Den forsvant mykje for fort.
Er veldig imponert.
Over nivået på mykje av det arbeidet som blir lagt ut.

Eg trur nok at det eg har latt meg imponera mest av, er arbeider innan tekst og lyd. Men det er gjerne slik – det ein har mindre greie på, det blir ein meir imponert av, (eg arbeider sjølv hovudsakleg med illustrasjon og animasjon).
Men ikkje misforstå, eg har lete meg begeistra også av mykje visuelle arbeider her på sida. Sjølv om her er mykje godt arbeid å sjå, skulle eg gjerne ønske det var endå meir aktivitet på sida.
Både at fleire bidrag blei delte, og at folk generelt var flinkare til å kommentere. Synd å sjå når gode arbeider blir ståande utan kommentarar. Det finst sjølvsagt mange konkurrerande forum kor ein kan dela og få tilbakemeldingar på arbeida sine. Men eg trur at fleire enn dei som nyttar den i dag, kunne hausta godt av sida – og av ordninga med ulike fagpersonar som blir hyrde inn som gjestementorar.

Så sprei ordet til alle du kjenner som held på med å skapa eit eller anna. Tenker at dette er eit veldig fint forum å dela ting i for fyrste gang. Eg opplever det som ein rom med god takhøgd, kor ein i tillegg har gode sjansar for å få konstruktive tilbakemeldingar på det ein driv med. Og akkurat dét tenker eg at er kritisk for å kunna utvikla seg i det ein driv med.
Då står det vel berre att å takka for dette høvet, til å oppdaga så mange flinke folk som skaper så mykje fint. Eg har neppe vore til hjelp for alle eg har kommentert arbeida til, men håpar i alle fall eg har kunna bidratt med eit eller anna til ein eller annan.

Takk for meg – og takk for inspirasjon.

Lukke til vidare alle som ein!
Beste helsing
Tord Torpe, gjesterasshøl (homage til ein flink, ung skribent her på sida)