News article image

Trafo ga Mette Karlsvik oppdraget med å sile alle publiserte bidrag på Trafo i løpet av februar. Det er sjeldent en enkel oppgave å gjøre valg mellom alle typer uttrykk, men her gir vi ordet til Mette som har klart navigert seg frem til ett enkelt verk.

Det ser ut til å ha vore ein sterk månad i Arena. Å kåre Månadens TrafoTalent såg vanskeleg ut. Det var så mange verk med kunstnarisk kvalitet; produkt av godt handtverk, og med det unemnelege poetiske i seg. Særleg sterke var teiknarar i februar, som Adrian Myhrens ”Neglebitt”, og August Rosenlund Kvams teikningar, som viser ein kunstnar med eit uhyre observant auge, og med teikneteknikk som overfører denne sensitiviteten til papir.

Men så kom eit verk som hadde ein dimensjon som hjalp jobben min. Dei tematisk aktuelle, metodemessig krevjande og potensielt risikable fotoa til Nora Savosnick kombinerer fotarbeid i felten med sans for komposisjon, kontakt med dei portretterte. Dei kryssar også av på dette som ein kan kalle eit kriterium for god kunst: Dei er viktig. At dei er viktige har med tid og stad å gjere. Midtausten var, er og kjem til å vere eit område av konflikt. Motivet til Savosnick, flyktningeproblematikk, er eit særleg aktuelt problem akkurat no. Det er viktig og prisverdig at Savosnick tar opp tema i kunsten sin.
      Eg kan velje fleire av bilda i serien hennar. Kan til dømes velje “Doku”, eit bilde frå ein internatskule i Mongolia. Bildet er av ei nomadejente. Ho er fotografert inne på eit rom på internatskulen der ho må gå. Vi ser jenta reflektert i ein spegel, og bak spegelen vindauget og landskapet der ho, om ho ikkje var tvungen til å gå skule, normalt ville ha vandra og levd i. Måten jenta projiserer seg sjølv til det eksterne er gjort så liketil. Men Nora Savosnick viser, med dei andre bildeverka ho legg ved, at det lite tilfeldig i bilda hennar. Ho har stor kontroll over komposisjon, liner, fargar, og måten sjåarens auge blir ført frå eitt element til eit anna. Samtidig er dette bildet gjort med ynde og estetisk sans. Litt sånn som nokre barn leiker.
      Noko av den same styrken er i det fotoet som eg vel som døme på kvifor Savosnick fortener tittelen “Månadens Talent”. Eg vel “Mestring i elendigheten”, som også har denne tilsynelatande lettheita. I dette bildet som i “Doku”, følgjer form tema. Men der “Doku” leiker seg med eit smått uoriginalt verkemiddel (spegelet), er “Mestring (…)” meir unikt og er modigare fordi det er enklare. Symbola (spegel, t.d) er der ikkje som i “Doku”. Men her har ein mindre føreseielege og difor latter- og tankevekkande rekvisittar som knebeskyttarar. Sannsynlegvis står mannen med knebeskyttarane på rulleskøyter eller rollerblades. Men vi veit ikkje sikkert fordi fotografen, sannsynlegvis medvite, har beskjært bildet før ankelen. At det er medvite trur eg fordi fotografen viser i bilda ein kontroll på verkemiddel, og har ein CV som underbygger at ho, trass i den unge alderen, allereie er ein kunstnar.

Nora Savosnick har eit einmannsforetak som fotograf og utfører, akkurat når eg skriv denne grunngjevinga, ei pop-up utstilling i Tel Aviv. Der viser ho bilde som ho har tatt i Skandinavia og Israel. Sannsynlegvis viser ho desse bilda som eg har nemnt i grunngjevinga og fleire. For Savonsnick reiser for tida i Midtausten. Ho vitjar mellom anna fengselet Holot. Fengselet ligg midt i ørkenen på grensa mellom Egypt og Israel. Til dette fengselet kjem flyktningar som israelske styresmakter meiner ikkje følgjer loven eller av andre grunnar skal sitje i “detention”. Dei er urettvise og ofte grusomme saker som Amnesty no arbeider for.
      Bildet ”Mestring i elendigheten” (Coping in misery) portretterer to menn på ein veg gjennom ørkenen. Dei er ikkje formelt sett fangar i fengselet, men i praksis er dei som fangar. Dei må vere på Holot. Kanskje opp til eitt år. Dei får ikkje lage sin eigen mat og dei kan bli fengsla, plutseleg, utan rettssak. Den einaste grunnen til at dei er der er fordi dei er asylsøkjarar.
      Korleis taklar folk ein sånn situasjon?
      Ein tar på seg knebeskyttarar og hjelm, til dømes. Og/ eller held saman med venner. Mannen, som kanskje står på rulleskøyter, blir støtta av det som ser ut som ein god ven.
      I dette bildet kjem elementa uvanleg godt saman. Tema “håp” er der i motivet; i aktiviteten, i at desse fangane engasjerer seg i leik. Det er der i komposisjonen, som er dynamisk, og som opnar opp for at det finst noko meir også. Ikkje berre eitt her og no:
      Andlet og kroppar er i rørsle. Komposisjonen er dynamisk. Sjølv det tilsynelatande beige, flate, aude landskapet rører på seg i dette bildet. Det er eit heilt enkelt grep som djupet, skapt av vegen, og den kvite stripa som peiker vekk frå her, no, det nærmaste og ut til noko anna.
      I valet av Nora Savosnick og dette bildet vektlegg eg det dokumentariske grunnarbeidet, det nesten journalistiske i metoden, og det konkrete, ganske enkle og difor også poetiske, i sluttverket. Og med det sender eg denne grunngjevinga avgårde, i håp om at Savosnick får den idag, kanskje i tid til å fortelje, i utstillinga si, at ho nettopp er gitt ein pris for bildet. Skulle ikkje prosessen gå så raskt, så er ikkje dét eit problem. Desse er bilde som kjem til å stå seg over år. Og grunngjevinga vil vere like gyldig også då.

Mette Karlsvik

Forfattet av: Inger Margrethe Stoveland

Opprettet: 1. mars 2017 15:29

Sist oppdatert: 2. mars 2017 13:43

Kommentarer