News article image

I mai har vi gleden av å tilby samtidsmusiker Kristin Bolstad som GjesteMentor på Trafo. Bli bedre kjent med henne i dette intervjuet!

Hvem er du?
Eg er komponist, vokalist og improvisasjonsutøvar, og jobbar med å både laga musikk og framføra musikk. Eg er svært fasinert av ulike lydar, og er alltid på jakt etter ein litt annaleis, spesiell, morsom eller fin lyd som eg kan bruka eller etterlikna i musikken min. Musikken min er ofte konseptuell og kan kjenneteiknast ved bruken av improvisasjon, performative element og humor. Musikken min har blitt framført i Noreg og Norden, samt USA, Canada, England, Spania, Polen og fleire andre stader i Europa. Eg skriv musikk til mine eigne prosjekt, men også for andre - blant dei Alpaca Ensemble, Quatuor Bozzini, Telemark Kammerorkester og Scenatet Ensemble.

Hvilke uttrykk er det du jobber med?
Eg jobbar med eksperimentell musikk, og komponerer det som ofte blir kalla for samtidsmusikk og kunstmusikk. Eg driv også med live-elektronikk, og har fleire solo- og bandprosjekt med vokal, elektronikk, boksar og duppedingsar som lagar stilige lydar. Stad-spesifikke komposisjonar syns eg er svært spennande, og eg har komponert for ein symjehall, Emanuel Vigelands mausoleum i Oslo, ein nedlagt sildeoljetank i Melbu i Vesterålen, samt James Turrell sin ljosinstallasjon i EKebergparken i Oslo. Eg har også stumfilmkonsertar der eg lagar foley og andre lydeffektar live i salen til gamle stumfilmklassikarar.

Hva har du å lære bort til Trafos medlemmer?
Eg kan mykje om det å skapa og formidla ein idé, eit konsept og eit verk til andre, og likar ofte å tenkja stort og utanfor boksen. Kreative prosessar er eg midt oppi stort sett heile tida, så veit eindel om korleis inspirasjon, skrivesperre, entusiasme, tvil og forløysing kjem og går medan ein held på. Eg har stor interesse også for det visuelle, sjølv om kanskje lyd er hovudessensen i mitt arbeid, og blandar ofte inn teatralske element og poetiske bilete i arbeidet mitt.

Hvilke forventninger har du til oppholdet ditt som gjestementor?
Det er alltid spennande og inspirerande å få innblikk i det andre held på med, og eg gler meg til å sjå kva som fins i Trafoen av uttrykk, idéar og spørsmål.

Forfattet av: Adrian Andersson

Opprettet: 3. mai 2018 14:46

Sist oppdatert: 4. mai 2018 13:45

Kommentarer