Månedens trafotalent i mai 2010

TrafoTalent for mai 2010. Under er jurybegrunnelsen til Trafomentor Øystein
Runde:

Det er som vanleg interessant å juryere på Trafo. Og som vanleg må eg innrømme
at min kompetanse på foto er lav, samt at eg likar å trekke fram bidrag som
ikkje tilhøyrer det suverent mest brukte mediet på Trafo. Sist var det eit
tekststykke eg valgte ut, og denne gong er det ein teikneserie.

Å juryere mellom så mange ulike bidrag er ikkje lett, og det er mykje med
nærvere, mykje med personleg erfaring bak, viktige historier frå folks liv som
har blitt lagt ut for heile verda. For dei som ikkje har fått nokon kommentar
på sine verk: De har blitt sett de også. Kanhende eg ikkje hadde noko smart å
seie, kanhende eg ikkje forsto, kanhende det handla om erfaringar som ikkje
traff mine erfaringar, eller erfaringar som ligg så langt bak meg i mitt
gubbeliv (eg har skjegg! Og viker!) at eg har gløymt dei, eller har fortrengt
dei fordi dei traff for sårt.

Korsom er, så er ignorering til for å ignorerast. Lag noko nytt og send det
ut. Eventuelt ta hintet og sats på ei solid karriere som
aksjeporteføljeadministrator, med ei kreativ gryte som kan småputre litt på
si.

Men nokon går heile vegen inn, og lærer seg alt frå forteljeteknikk,
karakterdesign, maling, photoshop og korrekt (aaah!) engelsk rettskriving. Eg
tenkjer då på teikneserieskaparane, desse evolusjonens meisterverk.

Så eg er svææært glad for at eg fekk bestemme trafotalentet for mai, for då
fekk eg utnevne Fiolina sin serie Burning Avalon! For ein strålande,
spennande, velteikna, morosam og veldesigna teikneserie. Om noko, minner den
meg om Hayao Miyazaki, den japanske
animatør/forfattar/teikneserieskapar/regissøren som står bak filmar som
“Totoro”, “Chihiro og heksene” og “Prinsesse Mononoke”.

Grunnen til at eg dreg fram Miyazaki er at Fiolina fortel spennande,
gåtefullt, og aldri utan humor, og at ho har uforutsigbarhet i
karakterdesignet, men utan at det virkar unaturleg. For å få lest heile
historia, sjekka eg også ut http://applethiefart.blogspot.com/ og Limely på
DeviantArt, og det var den verd.

Eg håper på å få sjå heile “Burning Avalon”-historia samla i eit litt meir
hendig format, ein ide kan vere å legge den ut på pdf-nedlasting eller selge
den som bok og pdf på “print-on-demand”-forlag som lulu.com eller lignande på
nettet. Og eg håper å sjå meir av Fiolina, både på Trafo og på trykk.

Lykke til i finalen, og i livet!

Øystein