Månedens trafotalent i oktober 2012

I oktober tok eg årets siste bad. Den første snøen av sesongen kom i oktober. Oktober har hatt nokre av dei beste dagar av indian summer. Nysnøen i høene over Heidalen hadde farge av vaniljeis. Svarte kvistar framleis stikkande opp frå botnen. Gamle kjenningar har levert varer på Trafo i oktober. Og Trafo har fått fleire nye medlemmar i oktober. Då eg fann erlendps teikneseriar blei eg skjerpa og utfordra intellektuelt, og hadde då min aller første innskyting:

tenkte at det var erlendp, tenkte eg, som skulle bli kåra til Talentet denne månaden. Tekst og bilde seier ikkje “hest hest”, som ein seier om tekst - bilde - kombinasjonar som bare bekrefter kvarandre, ikkje tilfører nytt til kvarandre. erlendp seier “rygg og katt”. Teikneserien “en mann forteller om sin bror” tar dette tekst - bilde - forholdet enno lenger. Her er snakkeboblane redusert til eit grafisk element, ei mumleskribling. For meg blir dette eit presist portrett på kommunikasjon som manglar - med folk som ein relaterer til maksimalt - og samstundes ikkje har noko med å gjere i det heile tatt. Eg tenkte at eg ville kåre ein av desse teikneseriane til månadens verk. Også illustrasjonen/ kommentaren “Ferdig integrert” er skarp og vittig, og i godt håndtverk. Men så var det noko der eg sakna. I all den kule og skarpe sarkasmen og observasjonen mangla det ei varme. Eg saknar ein større sympati med eller forståing - frå skaparen - til karakterane sine. Mens eg venter på fleire bidrag frå han; for å bli litt betre kjent med mannen, blar eg vidare gjennom oktoberlauva.

I oktober har trafomedlemmar gitt bidrag i alle valørar og tonar. Golls varme og sympatiske verk gleder meg kvar månad. Men i oktober har ho vore særskilt aktiv og dyktig. Og som alltid opa og poetisk: Sjølv tittelsporet, får ein seie, “Oktober”, er ikkje nødvendigvis om oktober. Oktoberlyset er der. At ein ser sola sjeldnare. Men når ho først er der, er det ein varme i strålane.

Det er litt som Adriane, også ho eit nytt medlem å følgje med. Ho kom inn i familien i oktober, og har lagt ut tre tekstar. Kortteksten “Søster” har løynde referansar for dei som leiter. Det er eit mørke der som går heilt tilbake til åttitalets diskotek. “Sister of night” speler i bakhovudet mitt når eg les Adriane. Eg vil gjerne sjå fleire tekstar av Adriane før eg ropar henne ut til månadens talent.

Då eg las tekstane til Veto, tenkte eg at det var hennar tur denne månaden, at eg skulle gi talenttittelen til Veto, for ein av dei kortaste tekstane hennar. Diktet “1” er heilt og komplett, det er concrete poetry. Det ser ut som innhaldet sitt. Dette diktet er bare litt for kort. Det manglar det vesle ekstra. Nokre av dei andre tekstane kjem nesten heilt opp der. Kortprosaen hennar er nydeleg. Men eg samanlikna kortprosaen hennar med den som Rune F. Hjemås kåra til månadens verk i sommar. Det kjem ikkje heilt opp, ikkje enno. Også Veto vil eg sjå litt meir frå før ho får den ærefulle utmerkinga.

For oktober skulle eg til å gi talenttittelen til Occisor. Då eg fann ut at han nyleg var kåra til månedens talent, tenkte eg Det gjer ikkje noko, og skulle gi han prisen ein gong til. Men det gjorde òg at eg såg på andre sjangrar, eg hugsa alle dei andre som på kvar sine måtar har vore best.

Oktober har alle kunstformer. Og også design. I visuell kommunikasjon har ein noko av det mest kommuniserande eg har sett. Fiolina har vist nye, presise takter. Kristiansundsjenta viser at hardt arbeid og øving gjør meister. Sidan ho blei kåra til trafotalent for januar 2011 har ho gått ein lang, lang veg. Som tidlegare, lagar ho verk fulle av referansar til gamle verk, til mytologi og litteratur. Det er smart, vakkert, varmt, utfordrande, men aldri meir av ei nøtt enn at eg klarar å knekke den. Eg liker svært godt korleis ting går opp hos Fiolina, som “dam”, eit verk av vassbasert måling;

ein norrøn draug plassert i eit damanlegg. Den nordiske naturkrafta passar skremmande godt i det kutiverte anlegget. Det er jo fleire lag av kultivasjon på gang her: dammen er det første. At Fiolina måler han det andre.

Fiolina kombinerar håndtverk og poesi. Ho viser både halvferdige indieteikningar og ferdigstilte og proffe verk. Ho er underfundig og rar i “diamantbøtter”; på baksida av noko som liknar ein kvittering frå “shoppingsenter” har ho teikna ein mann som gispar. Han ser prisen på ei bøtte. Fiolina verkar uredd i forhold til å vise fram prosessen sin. Og det får resultat. Fiolina har utvekla seg svært sidan ho meldte seg inn som medlem i Trafo. Eg blir veldig stolt over å vere mentor på Trafo når vi har så dyktige medlemmar som Fiolina. Ho er for meg månadens talent. Men det ligg i mandatet mitt å kåre eit verk. Og eit enkeltverk skil seg ut på Trafo i oktober. Det ramla inn ein vakker dag, og det var denne erlendp igjen; Ein karikatur av Biskop Kvarme. Karikaturen er ein klassisk avisillustrasjon. Det er både eit naturalistisk portrett - og ein karikatur. Kvarmes andlet er naturalistisk. Kroppen er ein bauta. Ein blir usikker på om det er meint som karikuatur eller portrett. Usikkerheita om dette blir portrettet av Kvarme. Dette gir meining fordi Kvarme var ein av dei som uttalte seg då det var strid om Muhammadkarikaturane. Dette er av erlendps verk som har mest kjærleik og varme i seg. Ikkje på ein sentimental måte, men i kvaliteten på det. Håndtverket er ypperleg. Portrettlikskapen er eit kapittel for seg. Kompisjonen på teikninga er rett. Kvitt mot svart, det kvite feltet i prestekragen - alle element bidreg til å trekke publikums blikk mot Kvarmes blikk. Verket er enkelt, med sterke kontrastar. Kreativt, men også tilhøyrande ein tradisjon av avisportrett: Heile flater av farge kombinert med strekteikning. Design blanda med naturalisme. Dette er det beste enkeltverket som blei lagt ut på Arena i oktober. Skruppelaus bruk av kontrastar. Kontrastane er både i lys/ skygge, og i fargar. Interessant er òg forholdet mellom heile, fulle felt av farge - og detaljrikdom.

Igjen, velkommen til Trafo, erlendp. Eg håpar at kåringa som talent kan verke motiverande og ikkje lammande. Velkommen også til Adriane, frå deg vil eg svært svært gjerne sjå nokre fleire verk. De er ikkje bare talentfulle, de har framleis ein stor kontigent plass for å prøve og feile på Trafo; bruke Arena og mentorar til å utvekle seg. De er begge høgt oppe på lista mi, så prøv igjen. Og til alle trafobrukarar, gå inn i Arena og sjå på Biskop Kvarme, eit eineståande verk. På alle måtar.

Biskop Kvarme

Erlend Peder Kvam
Erlend Peder Kvam
Ble medlem for 11 år, 6 måneder siden (3114 besøk)

Prøvde meg fram med ulike måter å lage portretter på, dette ble resultatet.