Nye Nidaros

Me kalla han Hobitten. Han gjekk berrføtt rundt i leiligheita vår, og me såg dei hårete tærne meir enn me såg nokon andre sine tær, endå to av oss hadde kjærast. Ingen visste kor sokkane hans var, om dei låg att heime, i bilen eller om kulen i bukselomma var eit par samanrulla tennissokkar, men det var alltid noko som skulle fiksast, og han tassa rundt med sveitte solar på den nye parketten. “Trondheim er ein moderne by,” ropte han då me køyrde ned Elgesetergate for fyrste gong, sikkert for å overdøyve motoren på den kvite varebilen hans, og eg skotta over seteryggen, prøvde å sjå om han hadde sokkar i skoa, og venninna mi satt framme, ho svarte han ikkje lenger no, men han fortsette med å forklare at alle dei store metropolane i Europa hadde hovedvegar som gjekk som piler gjennom byen, med fleire felt, ja, berre tenk på Berlin og Paris, sa han, og me såg ut vindauget og prøvde å bruke augustsola til å gjere Trondheim om til ein metropol.
Se neste verk: Vega

Nye Nidaros

Svanhild Amdal Telnes

Svanhild Amdal Telnes

1 år, 9 måneder siden (629 besøk)

Kommentarer

Mer av Svanhild

Andre i kategorien tekst