Skifte

«Nokre familiar frys til is om vinteren,» prøvar eg meg forsiktig. Neglene hennar bit seg inn i handflata mi. Snøen me står på er kram, men ikkje spennande. For mindre enn eit minutt sidan, laga ho englar og snølykter, ho heiv seg hysterisk rundt frå fonn til fonn, og gjorde foret i dei nye cherroxane gjennomvått. For mindre enn eit minutt sidan, var verda full av snø og tom for problem. No vil ho snakke om pappa. Kvifor han ikkje ringer, kvar han er og kvifor bestemor gret om kveldane. Om kven som skal vere jolenisse og kva som ventar oss no. Eg kan ikkje svare. Kan berre tenne lighteren, lyfte røyken og leggje nikotinen som eit lokk over orda eg snart må seia høgt for dotter mi.
Se neste verk: Dikt, uten navn

Skifte

Svanhild Amdal Telnes

Svanhild Amdal Telnes

1 år, 4 måneder siden (369 besøk)

Kommentarer

Mer av Svanhild

Andre i kategorien tekst