Studentar i startblokkene

Byen er i ferd med å starte opp. For meg: som ein rusten bilmotor. Som Volvoen på låven, Volvoen som stod stille i vintermånadane, sidan me aldri kunne vite om han starta eller ikkje, og eg kjenner meg enno ikkje heilt sikker på om eg vil komme i gang. Mamma i fora støvletar, dei knehøge med spisse hælar, som ho brukte i tilfelle nokon såg på ho, og det gjorde folk ofte. Mor mi var verkeleg ei å sjå godt på, skal eg seie deg, mykje vakrare enn eg i det heile teke drøymte om å vere, og eg stod der i snøen og såg korleis ho låg vrengt over panserkanten, med startkablar og slepetaug rundt halsen – alltid klar, alltid berdt, alltid summinga frå baksetet om at det ikkje kom til å gå i dag heller. Pappa? Slukt i ein draum, kanskje, på veg til å føde ein stor tanke, som bror min brukte å snøfte viss eg spurde han. «Fullstendig blotta for pragmatikk er han, i alle fall» sa den store bror min, som satt i førarsetet og kjælte med clutchen, rusa Volvoen vår, prøvde å få oss alle i gang, trur eg. «Nei, slik må du ikkje snakke om far vår» sa eg, inni meg, for det var sjeldan eg sa noko som helst utanpå meg. Min fyrste løgn: det hende rett og slett aldri at eg sa noko høgt. Eg var ei tom oppslagstavle i åtte år. Storebror Jørgen var 16 og eit halvt. Han køyrde meg til skulen om pappa var for full og las rimevers for meg om kveldande, heilt uavhengig av korleis pappa hadde vore den dagen. «Prøv å seie dette rimet etter meg, Elin.» Eg skjelv av tanken på frykta i stemma hans, korleis eg merka at han ikkje kjende seg sikker på om eg nokon gong kom til å snakke, fylle tavla mi, fylle ho med ord som andre fekk lese, plukke ned, eller kanskje til og med notere seg i ei lita bok. For dei rundt meg glir visst oppstarten som ein nysmurd påhengsmotor: der den fyrste slurringa berre er eit teikn på at alt er som vanleg, at det skal jo hakke litt, hoppe over eit slag, før motoren er i gang og ein dampar jamt og fint innover fjorden i ein pråm med stødig påheng.
Se neste verk: Dikt, uten navn

Studentar i startblokkene

Svanhild Amdal Telnes

Svanhild Amdal Telnes

1 år, 3 måneder siden (575 besøk)

Kommentarer

  • Tobias Bernander Silseth

    1 år, 3 måneder siden

    Vakker tekst, levende bilder, fin utstrakt tanke om bilen som kanskje vil starte, kanskje ikke, og om den starter i dag betyr ikke det at den vil starte i morgen, neste uke, neste år. Den må gi opp en eller annen dag. Er det en del av et lengre prosjekt? Det er en fortellerstemme jeg får lyst til å følge videre.

    Her er noen ideer om hvordan du kan jobbe videre med teksten:

    Linjen "eg kjenner meg enno ikkje heilt sikker på om eg vil komme i gang" er ikke direkte nødvendig, ettersom vi vet at Elin starter som en rusten bilmotor, og at den er som motoren på en bil som ikke alltid starter. Det beste med teksten er hvordan den antyder/hinter. De konkrete setningene truer med å stenge teksten for leseren.

    Linjen "Mor mi var verkeleg ei å sjå godt på, skal eg seie deg, mykje vakrare enn eg i det heile teke drøymte om å vere" er egentlig en mindre levende måte å si det som står i linjen før. Igjen handler det om å antyde heller enn å slå fast.

    "alltid klar, alltid beredt" føles litt banalt, militært. Jeg liker det som det er, men kanskje "alltid klar, alltid bestemd" utvikler ideen mer?

    Det er uklart for meg hvem som surrer i baksetet om at det ikke kommer til å gå. Er det faren? For meg er han ikke en like konkret karakter som Elin, broren eller moren. Han er et usikkerhetsmoment og kan ha innvirkning selv når han ikke er til stede. Det broren sier og jeg-et tenker får det til å virke som om faren ikke er tilstede, og jeg synes det er mer interessant om han ikke er det, om han forblir en skygge, halvt ukjent.

    Den følgende linjen kan gjøres tydeligere ved annerledes tegnsetting: "Slukt i ein draum, kanskje. På veg til å føde ein stor tanke, brukte bror min å snøfte viss eg spurde han."

    Resten av teksten er så bra og meningsrik at det bare trengs små endringer før den er fullstendig.

  • Stian Gledje Bekkvik

    1 år, 3 måneder siden

    Prøver å finne en verdige ord å skryte med... ... ... ... ... ... ... ... ...
    nope...
    Kanskje de kommer innen neste gang ;)

Mer av Svanhild

Andre i kategorien tekst