Mestring i elendigheten
Se neste verk: "det umulige"

Mestring i elendigheten

Nora Savosnick

Nora Savosnick

10 måneder siden (729 besøk)

http://www.amnesty.org.il/en/cat/imprisonment-asylum-seekers-israel/

To sudanesische flyktninger i Holot.

Månedens TrafoTalent februar 2017

[…] så kom eit verk som hadde ein dimensjon som hjalp jobben min. Dei tematisk aktuelle, metodemessig krevjande og potensielt risikable fotoa til Nora Savosnick kombinerer fotarbeid i felten med sans for komposisjon, kontakt med dei portretterte. Dei kryssar også av på dette som ein kan kalle eit kriterium for god kunst: Dei er viktig. At dei er viktige har med tid og stad å gjere. Midtausten var, er og kjem til å vere eit område av konflikt. Motivet til Savosnick, flyktningeproblematikk, er eit særleg aktuelt problem akkurat no. Det er viktig og prisverdig at Savosnick tar opp tema i kunsten sin.
      Eg kan velje fleire av bilda i serien hennar. Kan til dømes velje “Doku”, eit bilde frå ein internatskule i Mongolia. Bildet er av ei nomadejente. Ho er fotografert inne på eit rom på internatskulen der ho må gå. Vi ser jenta reflektert i ein spegel, og bak spegelen vindauget og landskapet der ho, om ho ikkje var tvungen til å gå skule, normalt ville ha vandra og levd i. Måten jenta projiserer seg sjølv til det eksterne er gjort så liketil. Men Nora Savosnick viser, med dei andre bildeverka ho legg ved, at det lite tilfeldig i bilda hennar. Ho har stor kontroll over komposisjon, liner, fargar, og måten sjåarens auge blir ført frå eitt element til eit anna. Samtidig er dette bildet gjort med ynde og estetisk sans. Litt sånn som nokre barn leiker.
      Noko av den same styrken er i det fotoet som eg vel som døme på kvifor Savosnick fortener tittelen “Månadens Talent”. Eg vel “Mestring i elendigheten”, som også har denne tilsynelatande lettheita. I dette bildet som i “Doku”, følgjer form tema. Men der “Doku” leiker seg med eit smått uoriginalt verkemiddel (spegelet), er “Mestring (…)” meir unikt og er modigare fordi det er enklare. Symbola (spegel, t.d) er der ikkje som i “Doku”. Men her har ein mindre føreseielege og difor latter- og tankevekkande rekvisittar som knebeskyttarar. Sannsynlegvis står mannen med knebeskyttarane på rulleskøyter eller rollerblades. Men vi veit ikkje sikkert fordi fotografen, sannsynlegvis medvite, har beskjært bildet før ankelen. At det er medvite trur eg fordi fotografen viser i bilda ein kontroll på verkemiddel, og har ein CV som underbygger at ho, trass i den unge alderen, allereie er ein kunstnar.

Nora Savosnick har eit einmannsforetak som fotograf og utfører, akkurat når eg skriv denne grunngjevinga, ei pop-up utstilling i Tel Aviv. Der viser ho bilde som ho har tatt i Skandinavia og Israel. Sannsynlegvis viser ho desse bilda som eg har nemnt i grunngjevinga og fleire. For Savonsnick reiser for tida i Midtausten. Ho vitjar mellom anna fengselet Holot. Fengselet ligg midt i ørkenen på grensa mellom Egypt og Israel. Til dette fengselet kjem flyktningar som israelske styresmakter meiner ikkje følgjer loven eller av andre grunnar skal sitje i “detention”. Dei er urettvise og ofte grusomme saker som Amnesty no arbeider for.
      Bildet ”Mestring i elendigheten” (Coping in misery) portretterer to menn på ein veg gjennom ørkenen. Dei er ikkje formelt sett fangar i fengselet, men i praksis er dei som fangar. Dei må vere på Holot. Kanskje opp til eitt år. Dei får ikkje lage sin eigen mat og dei kan bli fengsla, plutseleg, utan rettssak. Den einaste grunnen til at dei er der er fordi dei er asylsøkjarar.
      Korleis taklar folk ein sånn situasjon?
      Ein tar på seg knebeskyttarar og hjelm, til dømes. Og/ eller held saman med venner. Mannen, som kanskje står på rulleskøyter, blir støtta av det som ser ut som ein god ven.
      I dette bildet kjem elementa uvanleg godt saman. Tema “håp” er der i motivet; i aktiviteten, i at desse fangane engasjerer seg i leik. Det er der i komposisjonen, som er dynamisk, og som opnar opp for at det finst noko meir også. Ikkje berre eitt her og no:
      Andlet og kroppar er i rørsle. Komposisjonen er dynamisk. Sjølv det tilsynelatande beige, flate, aude landskapet rører på seg i dette bildet. Det er eit heilt enkelt grep som djupet, skapt av vegen, og den kvite stripa som peiker vekk frå her, no, det nærmaste og ut til noko anna.
      I valet av Nora Savosnick og dette bildet vektlegg eg det dokumentariske grunnarbeidet, det nesten journalistiske i metoden, og det konkrete, ganske enkle og difor også poetiske, i sluttverket. Og med det sender eg denne grunngjevinga avgårde, i håp om at Savosnick får den idag, kanskje i tid til å fortelje, i utstillinga si, at ho nettopp er gitt ein pris for bildet. Skulle ikkje prosessen gå så raskt, så er ikkje dét eit problem. Desse er bilde som kjem til å stå seg over år. Og grunngjevinga vil vere like gyldig også då.

Mette Karlsvik

Kommentarer

  • André Tribbensee

    9 måneder, 3 uker siden

    Da skjønner jeg ditt valg med føttene.
    Ja sikkert supert å få med seg en skribent. Men du er forresten kjempe-flink å snakke, kanskje kan du ta lydopptak også, istedenfor å skrive, snakke selv på en opptaker, (eller kamera) om det du opplever. Så kan du skrive ned et utdrag til fletta-magasinet innimellom eller når du er på vei tilbake.

  • Nora Savosnick

    9 måneder, 3 uker siden

    Hei,
    skulle ønske jeg behersket å skrive bedre, men prøver å få med meg en journalist ut. Når det kommer til komposisjonen er den gjort veldig bevist. målet er og gjengi deres situasjon i fangenskap igjennom innramming.

  • André Tribbensee

    10 måneder siden

    Hei Nora, godt å se at du er igang. Så på linken. Jeg blir trist. Kan ikke du prøve å skrive noe om det du ser, opplever og tenker samtidig som du tar bilder? Publisere dette etterpå også i neste fletta-magasinet? Synes det er viktig at folk får med seg dette. At ikke alt bare dreier seg om oss selv.
    Det her bildet er ellers avhengig av tekst, fordi konteksten blir avgjørende for at man kan oppfatte det du vil vise oss. Skoene ville jeg ha tatt med, hodene også, eller valgte du bevisst å klemme skikkelsene inn, mellom bildekantene? Pass godt på deg! Hilsen fra André

Mer av Nora

Andre TrafoTalenter

Andre i kategorien bilde