Skrivebok #6

Du seier ein ikkje kan vera
inderleg, lenger.
For noko piss, jævla hestemøkk,
drit og forbanna løgn.
Ja, inderleg. Kvifor kan ein ikkje vera det?
Eg skal gje deg inderleg eg.
Eg skal gje deg kjenslene mine.
Eg skal gje deg hjarta og hovudet.
Kropp og sjel i ei stor jævla røre.
Og det skal vera godt, og det skal vera
sant. Fordi det er inderleg.

Eg skal gje deg all smerta mi.
Eg skal gje deg dødsangsta mi.
Eg skal gje deg skamma mi.
Eg skal attpåtil gje deg fylleangsta mi,
alle dei vonde kveldane.
Eg skal gje deg kuttet eg har inni augekroken,
som ingen i heile verda veit korleis hende.
Eg skal gje deg slaget eg fekk levert rett i fleisen,
slaget eg fekk fordi eg var full,
fordi eg var overlegen,
eg tala drit om Cuba.
Eg skal gje deg utruskapen eg så vidt kan hugse.
Eg skal gje deg lange fyllemonologar, dei eg gav til
venner, uvenner, familie, lærarar, alle.
Eg skal gje deg alle talane eg truleg skal ha helde.
Spesielt den frå skuleavslutninga på VGS.  
Og den, ja, den er vond og inderleg. Trur eg.

Om du ikkje vil ha alt det vonde og ekle.
Om du ikkje vil ha alt det dystre.
Så skal eg gje deg det andre.
Eg skal gje deg gleda og kjærleiken min.
Du skal høyre om mitt første kyss,
min første kjærast, mitt første ligg og mitt første brot.
Eller, du skal høyre om mitt beste kyss,
min beste kjærast, mitt beste ligg og mitt beste brot.
Kanskje fortel eg deg om ho.
ho som knuste, det eg meinte var
hjarta mitt, utanfor
fritidsklubben då eg var 14.
Eg skal gje deg den skjelvande usikkerheita
som berre plutselig kom ut av munnen hennar,
dirra igjennom lufta
inn i øyra, og øyregongen min,
fekk trommehinna til å vibrere nett slik at
ein kunne kjenne det godt i magesekken.
Dei mørke, tynne krøllane og den distinkte lukta hennar.
Ikkje søt, på nippet til kvalmande som dei andre
men stram, og verkeleg.
Håret hennar lukta ekte hår.
Ho var verkeleg.
Eg skal gje deg ho.

Om du ikkje vil ha det beste eller det vondaste,
skal eg gje deg alt det normale.
Eg skal gje deg kneskaden og nærsyntheita mi.
Eg skal gje deg rutinane mine og handlelista mi.
Eg skal gje deg bankkontoutskrifta mi,
spotify-spelelistene, facebookchatten, smsane, mmsane,
snapchatten, instagram, fuck it, du kan få både PCen og mobilen min.
Eg skal gje deg film-, bok- og platesamlinga mi.
Eg skal gje deg favorittkniven min, den eg fekk til jul av farmor,
for det er viktig med godt utstyr om ein skal god laga mat,
sa ho. Eg skal gje deg det minnet òg.
Eg skal gje deg heile farmor!
Alle dei vakre kleda hennar,
pelskåpa og dei vakre ringane ho alltid går med.
Det kvite håret og historia hennar.
Eg skal gje deg dagen farfar døydde.
Den plutselige døden, den som berre tok ein dag.

Eg skal gje deg mamma og pappa.
Eg skal gje deg skilsmissa,
krangelen i stova den vårdagen,
ljoset frå sola igjennom glasdøra,
Silhuettar i bevegelse
medan eg kraup på golvet og høyrde det skje.

Eg skal gje deg alle stadane pappa flytta.
Kjellarleilegheita han delte med broren sin.
Eg skal gje deg papirflya me laga der
av etikettar frå hermetikkmuseet.
Det perfekte flyet som flaug rundt hjørnet
på kjøkkenet, tok ein loop og
landa inne på soverommet.
Eg skal gje deg fotballkampane.
Hans høglydte diskusjonar med trenaren,
kranglar om pedagogikk,
om topping av lag og speletid.
Eg skal gje deg ideen om at
det berre var på grunn av meg.

Eg skal gje deg det som eingong var ein gard.
Huset til mamma, systrene mine og eg.
Kaninbura i skogen, der eg gøymde meg.
Brønnen, som ei lita jente fall i.
Kattungane som stakk av.
Eg skal gje deg matteleksa eg
gløymde, gråten og frykta
for det som venta.
Ingenting, men eg gråt likevel.
Det forferda blikket til mamma
så ho innsåg det.
Eg skal gje deg kniven eg stal frå pappa.
Vernet mitt, som mamma fann
då ho leita etter noko eg ville gøyme.
Eg skal gje deg Ideen om at
den songen ein høyrer om morgonen,
den avgjer heile dagen.
Eg skal gje deg eit bilete
av meg som eit barn.
Redd, sint, brunt, langt hår over gråblå auge,
på veg vekk frå noko.
Eg skal gje deg denne vegen.
No går eg.
Se neste verk: Vega

Skrivebok #6

Jonas Kroken  Sævereide

Jonas Kroken Sævereide

9 måneder siden (314 besøk)

Kommentarer

  • Jonas Kroken Sævereide

    8 måneder, 3 uker siden

    Hei, beklager for så sent svar. Tusen takk for kommentaren. Jeg er litt usikker på lengden og varigheten av visse strofer. Men, takk igjen.

  • Christian Bermudez

    9 måneder siden

    Hei.
    Det er lenge siden jeg har lest noe så vakkert! Her har du skrevet en hel roman, en biografi i et dikt. Diktet tar meg igjennom så mange steder, hendelser og ikke minst følelser på en kort stund. Jeg må lese det flere ganger for å kunne fordøye det og ikke minst nyte det!

    Vennlig hilsen
    Christian Bermudez,
    gjestementor

Mer av Jonas

Andre i kategorien tekst