uten tittel. (Albinosporv)


Det flaug ein fugl inn igjennom
kjøkkenvindauget og inn i stova mi.
Det hende frå tid til anna, sporv, kanskje dompap og ei gong; ei linerle.
Men denne gongen av det altså ein sporv.
 Først la eg nest ikkje merke te denne sporven.
 Det var ikkje noko spesielt interessant ved han( trudde eg ).
Eg sat berre ved pulten min og rekna
men då eg reiste meg for å henta kaffi,
 fordi eg hadde gløymd heilt ut å drikka den eg hadde før han vart kald,
fekk eg auge på denne sporven.
Det underlege ved den, var at den var så lys,
 hadde det ikkje vore for størrelsen,
kunne ein tru det var ei doge(due).

Og noko anna rart ved ho,
 var at an ikkje flaug rundt i rommet,
den leita ikkje etter noko, nei.
 Inga veg ut, ikkje noko hastverk, nei.
Den sat berre der i vindaugskarmen.
Den sat der og kikka på meg.
Så eg gjorde det einaste eg kunne tenka meg,
eg stoppa opp og kikka tilbake på denne litle sporven.
«Hei» Sporven reagerte ikkje
«Hei sa eg» sa eg.  Sporven reagerte framleis ikkje.
Eg lo litt av meg sjølv før eg drog ut på kjøkkenet for å trakte meg meir kaffi.
Eg stod der og putra med denne kaffien ein 5 minuttars tid.
Vurderte å ta meg ein røyk,
 kanskje gå ut og ta ein øl med nokon,
 ja det kunne vore hyggeleg.
Men då eg kom tilbake så sat den sporven der framleis.
 Den hadde ikkje røyrd seg ein millimeter
 så vidt eg kunne hugsa
Eg prøvde meg igjen «Hei»
Denne gongen drog den nesten kjensel på meg.
Som om dei førre «heiane» hadde stifta einslags kjennskap
mellom sporven og eg.

«Heisann ja, Kva gjær du her, det er jo så vakkert der ute. Har du ikkje noko å gjære på?
Nei, ikkje eg heller. Nei, nei, dagane går jo, dei traskar og går her ja ska du sjå, det var hyggeleg av deg å koma, men eg trur du kunne trivast betre ei anna stad»
Sporven rikka seg ikkje ein millimeter.
Den sat berre der, vende hovudet litt på skakke,
 som om den var klar over kor sjuk eg
  eigentleg høyrdest ut for andre menneskje.
Eg sat meg ned ved pulten igjen.
Vindauga stod på vidt gap,
 så eg tende meg ein røyk med godt samvit.
Eg tok til å rekne, men det ville ikkje la seg gjære.
  åttetala blei til lusekattar, einarane til selleristenger og nullane
    dei blei til store, vakre strutsegg.
Slike ein kan sjå på museum,
 og dyreparkar, eller om ein er vond, eige.
Eg er svolten.
Det var det.

Eg tusla tilbake inn på kjøkenet.
Kom på at eg framleis ikkje hadde drukke kaffi.
Småspurta inn igjen for å hente koppen.
Varm, men ikkje for varm.
Sporven sat der den. Eg trengde ikkje bekymre meg for det.
Eg kjende ein tilknyting til denne sporven.
Kjende meg glad og tilfreds over at nettopp
 denne vakre sporven skulle sitje i mitt vindauge.
Om eg fortalde de andre, ville dei seia at det var eit teikn frå gud
Dei veit kor mykje eg hatar når dei seiar slikt.
Men teikn frå gud ja, kanskje dei kunne ha rett.
Men kva skulle dette teiknet vera?
Ein invitasjon til å tru? Måtte eg tru på mirakel?
sleppe folk innpå meg? Være snill mot dei sjuke?
Se skjønnheit i alt? Glede meg over dei små flyktige augneblinka?
Er dette livet?       Nei.
Det var sikkert berre ein lat og treig albinosporv
som valde mi karm fordi den visste at eg var einsam
og ikkje kjem til å jage den vekk, slik så mange andre ville gjort.

Idet eg innsåg at egga koka over kjende eg ein trong til å sjekke på sporven.
Eg stakk hovudet inn i stova igjen. Den sat der den, berre nå kika den ut.
«kva sjår du på» Den rikka seg ikkje, ikkje hovudet eingong.
Eg gjekk inn igjen på kjøkenet.
Tenkte; faen til frekk sporv dette var.
Eg tok egga ut av kokaren, fann fram eit brød, ein pakke ost og mjølk.
Eg drakk eit stort glas med mjølk, tømde oppi eit ekstra og bar maten inn.

Sporven sat der, men no hadde den funne ei solstråle den kunne varme seg på.
Det var framleis sol i stova, sjølv om dagen byrja å gå mot kveld.
Dei fagre kvite fjæra blei farga gule, raude og oransje i sola.
Ein okergul albinosporv sat i vindauget og ignorerte meg.
Eg kjende meg forbanna i eit lite augneblink.
Faen til sporv, frekk og stolt, også er det berre eit jævla misfoster.
Ein naturens styggheit. Guds siste tabbe.
Om gud hadde sett kor hovmodig og frekk denne sporven var
hadde han sendt både Jesus og den heilage ånd i min assistanse.
Eg braut av ein lita brødbit og la framfor sporven. Den reagerte ikkje.
«makan til frekkheit» utbraut eg.
og reiv opp den vesle biten og heiv dei på ny i retning av denne jævla sporven.
og då reagerte den. «jaja, frekk er du, men mat ska du ha»
Eg kjende meg glad over at eg hadde klart å vinne gunsten til sporven.
Det er ikkje kvar dag at me aksjemeklarar klarar å bli vener med nokon.
Sporven åt i veg på brødsmulane og eg koste meg med egg og ost.
Då me var ferdige å ete kjende eg ein ny giv.
No var eg klar for både nullar, åttere og einare
 men tru det eller ei. Idet eg opna blokka mi for å rekne, heiv sporven seg over den.
nett der eg skulle setje pennen, det var like før eg spidda det stakkars vesenet.
«nei, skal eg ikkje får rekne no heller?»
Den kika opp mot meg, som ei sur kone som ventar
på at mannen hennar skal gi faen i fotballen og heller bruke tid på ho,
slik var det den såg den på meg.
og sa (i hovudet mitt)  «nei, det skal du ikkje»
for alt eg veit kan den faktisk ha tala til meg
«Javel, kva skal eg gjære då?»
den snudde seg, som om den forstod kva eg meinte.
kika ut på gatehjørnet under. Peip og flaksa
mot dei falmande, men framleis grøne bøkane
 den kritkvite bygarden dei malte sist år
og den nye, grøne sykkelstien.
«Ut?, du vil ha meg ut?»
inga endring, same kvitring, same febrilske vingjerørsle.
« javelja, kvifor det om eg tør spørja?
Eg sit med ein viktig kunde
eg må gå over det før helga er omme»
Same kvitring, same fryd.
«okeidå» Eg reiste meg frå stolen.
Det knirka i både ledd og treverk.
Det kjendest rett og naturleg å gå ut på ein dag som dette,
Så det hadde ikkje noko å seia kvifor eg gjorde det.
Kva eg skulle gjære der ute, var noko anna.
Eg rekna med at  sporven ville forsvinne idet eg forsvann ut av leilegheita.
Men eg kunne ha godt av å komme meg ut. Det hadde den rett i.
Eg tok på meg ein lett jakke og knyta dei nye skorne mine.
Eg tok ein siste kikk i vindauget, for å sjå om sporven var der.

Den var vekk.
det søkk i meg, og eg kjende lysten piple ut av meg.
Eg følte meg som ein tannkremtube som sakte
 blir pressa tom, slik forsvann lysten og vitaliteten min.
Men det virka for dumt å snu i døra for ein albinosporv.
Eg støtte på ein av dei nye i bygget på veg ned.
Det var ei kvinne i førti, kanskje femtiåra.
høg og velbygd, ho hadde påfallande blåe auge og ein kraftig kjeve.
Smilte bredt og sa «hei» med ein litt for lystig tone.
Like bak gjekk det eg forstod som sonen hennar. Kjekk ung mann,
mørkare i håret enn mora, han såg nesten litt oppgitt ut.
Slik unge gutar alltid kan sjå ut når dei går etter mødrene sine i den alderen.
Eg smilte bredt til dei, kvinna smilte utan noko vondt i seg.
gutens smil virka hakket meir påtatt, det gjorde at eg smilte endå breiare.
me har alle vore der.

Eg nådde botnen av trappeoppgangen og vrei om låsen for å kome meg ut.
Frisk, kaldt høstluft spreidde seg inn i alle opningar
 eg ikkje klarte dekkje til med den nye frakken.
Eg kika opp mot vindauga mine, dei var tomme.
Eg prøvde å høyre om det var nokon som kvitra på meg,
men høyrde berre folk med høghelte sko,
 flasker som klirra og biler i forskjellig gir.
Inga albinosporv.
Eg kjende meg framleis nedstemt.
Eg hadde eit lite håp om at den skulle følgje meg
kanskje til og med bli hos meg.
Vent, kva er det. Er det ei doge? Den som sit på strumledninga til trikken.
Albinosporv! Det er deg.
Eg traska over vegen mot den kvite dotten der oppe.
Den forstod og flaug sakte nedover gata.
 Svevde er kanskje det rette ordet.
Eg smilte for meg sjølve og tenkte at
eg ikkje kunne sjå opp mot sporven for lenge,
 nokon kunne kanskje merke meg
som følgde etter små sporvar på kveldstid.
Nei herregud. Korleis kunne dei sjå det?
Alt dei ville sjå var ein einsam gamal mann med nasen i sky.
trist som det er, er det ikkje eit uvant syn.
Eg lata som eg studerte bygga rundt meg.
Dei var eigentleg flotte, massive og harde som dei var.
Men eg klarte ikkje sleppe unna tanken på den vesle sporven.
Kva ville den meg? Lurte den meg?
Visste den kva den ville? Var den god?
Var eg gal? Fantes denne sporven?
Burde eg stilla slike spørsmål?
Gå, berre gå.
var alle svara eg hadde.
Sporven stoppa på ei lyktestolpe midt i eit kryss.
Eg kika på sporven og den ensa meg ikkje.
eg ville seie « javel, kva tenkjar du?»
men tok meg i det før eg oppdaga
 kor vakkert det var ned mot bryggja
no var det min tur til å velje veg.
Eg nikka fint til sporven og gjekk over vegen.
Himmelen blei raudare og raudare med kvart skritt eg tok.
Kanskje den ville væra blodraud idet eg treff vatnet. Tenkte eg.
Sporven hang litt bak meg, men eg visste den ville følgje meg.
Eg berre visste det.
Me kom til eit nytt gatehjørne og då byrja den plutseleg å kvitre igjen.
«Kva» tenkte eg.
Den kvitra på ny, eg kika på den og
så vende eg blikket mot den paprikaraude himmelen.
Kvitringa gav seg og eg trossa vegen då eg var på grøn mann.

«Ja eg og deg ska bli gode vener. Me ska ha det godt saman
me kan gå gode turar, ha det fint saman. Du kan sitje i vindauget mitt
eg kan fôre deg og du kan sitje der og berre ha det godt
treng du nokon andre? Er dei glade i deg?
ja, du er jo vakker, flott og unik. Men kan dei sjå det?
Jajaja, meg og deg. Meg og deg mot verda.
Ikkje sant?»

Himmelen blei litt etter litt tømt for alt det raude
som ut av eit raudvinsglas ein laurdagskveld
forsvann alt håp, all forventning. Alt det som kunne vera godt.
No var det berre meg.
ei gate
og ein fugl.
den kvitra ein gong.
Og så flaug den.
då var det berre meg.

Eg snudde om, beit i meg ei tåre og gjekk
Se neste verk: Dikt, uten navn

uten tittel. (Albinosporv)

Jonas Kroken  Sævereide

Jonas Kroken Sævereide

3 måneder, 2 uker siden (137 besøk)

Kommentarer

Mer av Jonas

Andre i kategorien tekst