TrafoMentor Kristin Bolstad takker for seg

Publisert 1. juni 2018

Sist oppdatert 1. juni 2018

News article image

I mai har vi hatt gleden av å ha samtidsmusikerKristin Bolstad som GjesteMentor på Trafo. «Eg har også blitt minna på kor viktig det er å uttrykka også dei små ideane i eit kunstnarskap», skriver Kristin her i sin oppsummeringstekst - «som komponist og utøvar i eit tiår ser eg at prosjekta mine blir større og tyngre, og tida til dei små ideane druknar i alt det store. Det er viktig å visa breidde i eit kunstnarskap - også i storleiken på prosjekta - då desse får fram ulike uttrykk i ein idé».

Denne månaden i Trafos Arena har vore særs spennande og givande. Det har vore luksus å kunne bla seg gjennom alle sine bidrag og verk, for deretter tora å kommentera nokon av dei, og det er lovande å sjå alle dei gode ideane og dei spennande uttrykka og verka som blir skapt av morgondagens kunstnarar og utøvarar. Eg har også blitt minna på kor viktig det er å uttrykka også dei små ideane i eit kunstnarskap - som komponist og utøvar i eit tiår ser eg at prosjekta mine blir større og tyngre, og tida til dei små ideane druknar i alt det store. Det er viktig å visa breidde i eit kunstnarskap - også i storleiken på prosjekta - då desse får fram ulike uttrykk i ein idé.

Eg har funne fleire fine og interessante uttrykk denne månaden, deriblant den melodiøse musikken til bandet Solvind lagt ut av “Benjamin Krogh Kiønig”, og dei mystiske og undrande bileta til “a .” Videoen “Begynnelsen På Noe Godt” av lagt ut av “Jan Helge Naley” og teksten om den altoppslukande oppmerksomheitssjuke telefonen lagt ut av “Eva HH” er viktige verk som har minna meg på to viktige tema som utanforskap og avhengigheit, tema som ein kanskje ikkje alltid er like bevisst på eller vil ta innover seg. Sterkt!

Mai månad på trafo.no har gjeve meg ny innsikt, masse inspirasjon, gode og nokon gonger uventa opplevingar, og ikkje minst trua på at kunsten vil overleva også i framtida. Så ta vare på skaperkrafta - den kan vera så sterk, så naudsynt og så forløysande! Med skaparkrafta kommuniserer ein med, formidlar ein til, og møter menneske på ein direkte og viktig måte. Kunst til folket!