Månedens TrafoTalent er Ingrid Lending

Publisert 3. april 2019

Sist oppdatert 5. april 2019

News article image

Mari Norddahl arbeider med tekstil gjennom skulptur, installasjon og performance. Hun kårer Ingrid Lending til månedens TrafoTalent for mars.

Eg merkar meg at det er mange tekst-arbeid blant bidraga denne gang. Tekstar som handlar om identitet og kjensler, kjærleik og relasjonar, psykisk helse og sosiale forventningar. Det er personlige tekster frå eit eg-perspektiv, biletlege stemningsskildringar, tekstar med politiske og samfunnsengasjerte undertonar.

Særleg er det mange korte tekstar. Kanskje er det eit kjenneteikn på tida vi lever i - omgitt av små format som skal formidle informasjon effektivt. Den korte teksten er også noko vi får dagleg øving i, gjennom digital kommunikasjon. Too long, didn’t read. Dette treng ikkje vere ein dårleg ting. Kanskje er dei korte tekstane drypp frå ein større samanheng, men dei kan i seg sjølve vere store nok.

Eg fekk lese mange gode bidrag i frå mars månad, og blant desse fann eg Alexander Arctander sitt særs biletlege dikt Hytte ved havet. Det er sett saman av berre 6 ord, men i desse kan ein tydelig kan sjå for seg ein scene, kanskje om vinteren, langt nord.

Hytte ved havet
brent sko i sanden
isflakene, garnet

I nokre av Linn Isabell Eielsen sine korte tekstar les eg med stor glede ein viss politisk snert. Både Kunsten er død og Le av meg skildrar dagens samfunn, kanskje spesielt samfunnet vi opplevde i nettopp mars månad – med ungdommane sin klimastreik og diskusjonar om kunsten si ytringsfridom. Konstanse Fjellvang har i Pyramide skrive to setningar gir eit tydelig bilete av korleis ting kan følast når det blir for komfortabelt. Ukritisk og utan utfordringar svelter hjernen, litt sett på spissen. Eit anna bidrag på to linjer Tina Suzanne Münstermann Hanssen sin God fisk som kort og humoristisk gir nytt liv til eit gammalt uttrykk.

Fleire eksperimenterer med oppbygginga av teksten, spesielt Jeanette Trzcinska Auen sitt dikt Ikke. Her brukar ho repetisjon som verkemiddel, der dei same orda er gjenteke så mange gongar at dei får ei ny form, dei flyttar seg frå ord til ei kjensle. Det hadde vore spennande å høyre denne teksten lese høgt.

Av dei lengre tekstane vil eg trekke fram Elise Margrete Weltzien sitt dikt Støy som med sin rytme er solid bidrag om noko gjenkjenneleg – framandgjeringa ein kan kjenne på som individ i ein større masse. Samstundes vil eg trekkje fram Matilde Wedzicha sin teikning Lyd som skildrar støy på ein annan måte, der det i det visuelle er det nesten som at ein kan høyre lyden og ubehaget ein kjenner når det ver for mykje for ein sans.

Det er blant desse korte tekstane eg har funne månadens TrafoTalent:

avstand
hvor kan jeg finne
all den plassen
du tar
når du ikke
er her

Diktet avstand heng igjen hos meg. Orda har ein lettheit ved seg, som om diktet pustar sjølv. Men innhaldet veg tungt. Ingrid Lending har eit godt grep om det poetiske språket og om stemninga ho vil skildre.

Diktet skildrar korleis fråværet av nokon som ein tenkjer mykje på kan ta like stor (eller større) plass enn personen gjer når den er tilstades. Dei lyriske verkemidla grip meg: måten teksten er stilt til høgre, ein noko uvand plassering. Linjene «du tar» og «er her» tek også sin plass, og peiker mot handling, dei aktiviserer den fråverande. Samstundes er diktet opent, gir rom for assosiasjonar til meir enn berre kjærleik, og eg kjenner igjen tyngda som ulike relasjonar kan ha, på godt og vondt.

Eg takkar for alle dei fine bidraga, og tekstane eg har fått lese, og vil avslutningsvis trekkje fram Ingrid sitt dikt en ny vår - som lysar av optimisme og smitter over på meg medan eg les - «våren skal blomstre og det samme skal jeg.»


Mari Norddahl

Alle som blir kåret til månedens TrafoTalent er med i konkurransen om å bli årets TrafoTalent. Årets TrafoTalent får et arbeidsstipend på 20.000,-.