Ingrid Kallestad er månadens trafotalent i desember
Publisert 11. januar 2022
Sist oppdatert 11. januar 2022
Fotograf og art director Johanne Nyborg har valt ut Ingrid Kallestad til månadens TrafoTalent for desember, og trekk også fram Sofie Tveitnes, Vilde Skinlo og Levina Storåkern.
Det har vore både inspirerande og forfriskande å starte året med å få eit innblikk i kva som rører seg blant Trafo-talenta! Her er det tankar og idear som treffer, leik med fargar, former, ord og musikk. Mange av verka er så nære til kjensler at det kryper under huda – på den gode måten. Talenta inspirerar til å bruke seg sjølve og sitt ibuande kreative potensiale i større grad – og med meir mot – i sin eigen kunst.
Arbeidet eg vil kåre til månadens verk hos Trafo er “Den Store Arkana: Magikeren” av Ingrid Kallestad. Eit blikkfang ved første augekast – og så mykje meir enn det når ein får lese bakgrunnen til prosjektet. Verket “Magikeren” er ein del av eit større prosjekt der Ingrid har lagd sin eigen Tarot-kortstokk med utgangspunkt i Den Store Arkana – altså 22 kort som alle har ei heilt spesiell betydning.
Ingrid har lagt eit solid grunnlag for prosjektet heilt frå starten, med eit tydeleg konsept, ein modig fargepalett og heilt klare rammer for prosjektet. Det er ein tydeleg rød tråd gjennom dei ulike visualiseringane, og illustrasjonane er smarte og kreative. Det er tydelig at Ingrid har jobba seg vidare frå dei umiddelbare assosiasjonane og dermed skapt illustrasjonar som er akkurat passelig absurde og lette å spinne vidare på i sitt eige hovud.
Dette er nettopp grunnen til at “Magikeren” blei min favoritt; kompleksiteten og den frie tolkinga – her kan fantasien løpe løpsk. Illustrasjonen er både ekkel og vakker på éin og samme gong. Den grønngule basefargen står i perfekt kontast til dei lilla detaljane, og dei slangeaktige formene får meg til å grøsse. Her er både intens energi og rotnande forfall representert – og så blir ein veldig nysgjerrig på kven magikaren er; held han sitt eige hovud i armane?
Her kan vi sjå Ingrid bla gjennom kortstokken.
Vidare vil eg trekke fram verket ”Solveig - 15.10.21” av Sofie Tveitnes. Komposisjonen inne i treboksen er leiken, men balansert, og biletet som er plassert over boksen skapar både spenning og uro. Kontrasten mellom det lyse treet og dei mørke bileta fungerar veldig fint, og treet skapar ei lun stemning – nesten som å få vere med heim til Solveig. Eg likar spesielt godt portrettet, der det genuine smilet gir dei andre bileta eit løft ut frå skuggane som dominerar. Tematikken er både aktuell og viktig – spesielt med tanke på koronasituasjonen dei siste åra.
Eg vil óg nevne verket ”Tvillingstriper” av Vilde Skinlo. Ein spennande måte å bruke fotografiet på! Som beskrivinga seier; dette kunne like godt ha vore “overflata på ein uoppdaga planet”. Det er som å sjå inn i eit kaleidoskop med uendeleg mange kombinasjonar av former og fargenyansar. Dette biletet kan ein kike på i ein evighet og framleis oppdage nye detaljar.
Eit verk som óg fortenar oppmerksomhet er tekstane ”Två texter med viktig information” av Levina Storåkern. I teksten “Meddelar senare” får vi vere med i eit frustrerande univers som får det til å krype i kroppen av ubehag. Vi hoppar frå univers til univers, som i eit mareritt der ein er i ein evig loop. Her får Levina virkelig fram følelsane!
Til slutt vil eg berre sei takk for at eg fikk sjå gjennom alle dei spennande verka for desember – eg er både imponert og inspirert!
Johanne Nyborg