Månedens TrafoTalent for august er Sebastian Jacobsen

Publisert 12. september 2022

Sist oppdatert 13. oktober 2022

Skulptør og installasjons-kunstner Ingrid Forland kårer Sebastian Jacobsen til månedens TrafoTalen for august. Hun trekker også frem Sunniva Roligheten, Alma Edit Hauge og Ivo Eik.

News article image

Det har vore veldig gøy å kikke innom Trafo igjen og sjå gjennom alle bidraga frå august, både frå nye medlemmer og å kunne sjå kva nytt som har dukka opp frå langtids-medlemmer.

Verket eg har valt ut som månadens TrafoTalent er eit fotografi av Sebastian Jacobsen frå serien Rotterdam. I fotografiet kan ein sjå eit par føter, eller i alle fall eit par buksebein, som står nede i eit mørkt vatn. I vatnet flyt det små blad og ein kan skimte refleksjonen av ein overkropp ikledd ei lys skjorte. Det som gjorde at eg festa meg ved dette biletet var dei mørke djupe fargane og eit nærmast målerisk uttrykk. Eg var nøydd til å zoome inn for å bli sikker på at det var eit fotografi. Eg stussa og over fråværet av lyskjelder eller refleksjonar av lys, at vassflata verka så matt og tjukk, nesten ugjennomtrengeleg seigtflytande. Ein blir òg nysgjerrig på det ein ikkje ser, resten av kroppen, andletet og omgivnadane, og litt på bakgrunnen for at personen står uti vatnet med bukser. Sjølv om det vert gitt litt hint i kommentarane, så begynner eg og sjølv å tenke på vatn som representasjon for ein type overgang, terskel eller gjenføding.

Eit anna arbeid eg vil trekke fram denne månaden er Ode til Bolsonaro av Sunniva Roligheten. Dette er eit imponerande tresnitt-arbeid, både med tanke på omfang og detaljrikdom, men det demonstrerer og eit tydeleg grafisk uttrykk og eit heilskapleg mektig motiv. Perspektivbruken i biletet gjer at ein blir sogen inn og kjenner på ei svimlande kjensle, dels frå dei tynga bygningane og dels ei meir håpefull type svimmelheit – eit nærast rusande samhald mot maktmisbruk. Det er òg svært vellykka med tanke på bruk av negative/positive rom. Det er elegant korleis det vekslar mellom lyse og mørke flater/linjer og får fram detaljar utan at det forstyrrar heilskapen i bildet.

Eg vil og trekke fram arbeida til Alma Edit Hauge. Spesielt synest eg det er interessant korleis kroppen blir portrettert saman med gjenstandar (til dømes i «Idag er jeg blå») og på eit vis blir fletta saman med tinga, men at det samstundes er ein litt surrealistisk absurd relasjon mellom dei. I fotografiet «Inntil videre» kjenner eg og på ei liknande kjensle av kropp og klede som blir justert og fiksa som ein gjenstand. Desse arbeida får meg og til å tenke på den nederlandske kunstnaren Melanie Bonajo som og tvinger kropp og objekt saman i leikne komposisjonar. Denne iscenesettinga av kroppen og leikenheiten med opplevingar av fridom og motstand synest eg er energisk og viljesterk, og eg er nysgjerrig på kvar denne utforskinga fortset vidare!

Til sist vil eg trekke fram Ivo Eik sin biletserie ”Teller bare ‘en gang”. Dei er lekre i si enkelheit og er ein fin balansert serie. Særleg fotografia av arkitektur synest eg har eit stilreint grafisk uttrykk som leiker med rytme og repetisjonar. Bygningar, tre og grasbakkar blir kondensert til flater, former og linjer på elegant vis.

I alt har det vore mange flotte bidrag å sjå gjennom og eg ønskjer alle lykke til vidare med sine prosjekter!

Ingrid Forland