Scene tre (utdrag frå Fløyte... skodespel av MT)


Ho
Eg er gravid

Han
Gut eller jente

Ho
Begge

Han
Gut og jente

Ho
Ja        ein til kvar

Han
Av oss.             Når me

Ho
Går kvar vår veg

Han
Du er gravid

Ho
Eg er gravid

Han
Kven er faren

Ho
Du sjølvsagt

Han
Sjølvsagt

Ho
Ja        eg har ikkje elska med andre

Han
På same måte som me

Ho
Elskar

Han
Sidan

Ho
Sidan nokon gong!!!

Han
Sant

Ho
Sant         !

Han
Eg trur deg

Ho
Vil du slutte med meg og byrje møte andre

Han
Eg veit ikkje

Ho
Kanskje

Han
Vil du

Ho
Veit ikkje

Han
Kanskje

Ho
Veit ikkje

Ho
Eg kan ta livet av barnet

Han
Barna             ein gut

Ho
Og ei jente

Han
Ein til kvar

Ho
Av oss
Se neste verk: Dikt, uten navn

Scene tre (utdrag frå Fløyte... skodespel av MT)

Mathias Asplund

Mathias Asplund

10 år, 10 måneder siden (909 besøk)

Kommentarer

More from Mathias

Other in the tekst category