med tittel II

Dei budde i blokkleilegheit, mora og faren og ho.
Kvar natt bada ho i oransje og brune blomster.
Ho køyrte bil og bygde slott i køyesenga til gutane på andre sida av gangen.
Mora blei til to.
Lillesystera var så lita, så lita. Mjuk og rosa. Ho strauk systera i håret og verda voks.
Mora gjekk med boset.
Ho låste mora ute og strauk lillesystera over kinnet.
Se neste verk: Dikt, uten navn

med tittel II

Charlotte Riise

Charlotte Riise

9 år, 8 måneder siden (919 besøk)

Kommentarer

More from Charlotte

Other in the tekst category