du1

kanskje byrjar det med noko heilt enkelt
at søstera di dør i ei bilulukke
og du fell djupt ned i ein depresjon
eller kanskje er det ikkje ei enkelt hending
men heller det at far din slo deg
og at du er redd for å miste meg
kunne det vere
at det er nedskjeringar på jobben
og at du kvar dag jobbar ein time ekstra eller to
eller kanskje er du kunstnar
er du rett og slett bipolar
hatar du kanskje når du ikkje får noko til
når du stansar opp
når alt stivar til

kanskje likar du ikkje eigentleg verda
kanskje trenger du kontroll
kanskje er det av di more di døydde
då du var fire
kanskje gjorde ho ikkje det
kanskje let ho berre vere å amme deg

eg veit ikkje
du seier ikkje mykje om det
Se neste verk: Dikt, uten navn

du1

Kristina Leganger

Kristina Leganger

9 år, 2 måneder siden (1331 besøk)

Kommentarer

  • Kristina Leganger

    9 år, 1 måned siden

    tittelen, nei, det er ikkje den rette/endelege. eg har stort sett aldri med titlar når eg skriv dikt, så dei titlane som står her er alltid meir eller mindre provisoriske. eg tykkjer det er så vanskeleg med titlar, forstår du.

    og dei to siste linene? nei, ikkje sikker. eg skal jobbe med ein del av desse tekstene i fellesskap, lese dei, kome inn i språket, rytmane, stemmene, historiene, og då skal eg sjå på nett dei to. du plar vanlegvis ha rett når du set fingeren på noko, så eg skal sjå på det. smil!

  • mette karlsvik

    9 år, 1 måned siden

    er dette den rette/endelege tittelen?

More from Kristina

Other in the tekst category