Se neste verk: 04-I-Remember-You

Kvitt i Kvitt på Høyfjellet

Simon Røttingen

Simon Røttingen

2 år, 4 måneder siden (557 besøk)

Ny improvisasjon med Zakarias Meyer Øverli, Saxofon, (Simon, Piano)

Kommentarer

  • Tord Torpe

    2 år, 4 måneder siden

    Hei Simon.

    Flotte tonar.
    Eg må sjølvsagt peika på at eg ikkje er nokon fagperson innan lyd og musikk. Men eg er lidenskapleg oppteken av musikk. Kanskje ikkje spesielt av jazz i høve andre stilartar, men synest det finst mykje flott jazz. Og så mange nordmenn som er gode på jazz (!!) Er spesielt glad i det norske plateselskapet Hubro Music. Du kjenner kanskje til dei? Dei har mykje allsidig jazz-musikk i sin katalog. Eg blei fanga inn dit av bandet Monkey Plot, for eit par år sidan. Spanande band med interessant lydbilde. Sjekk dei ut om du ikkje har høyrd noko frå dei. Ei anna up and coming norsk saksofonist kjenner du heilt sikkert til: Mette Henriette. Hennar sjølvtittulerte debut på ECM er ikkje anna enn nydeleg, og den lyttar eg mykje til. Akkurat no sit eg og lytter til denne, nyleg gjeve ut, også på Hubro:

    https://soundcloud.com/hubro/laurence-craneasamisimasa-sound-of-horse-vi-luminous-and-serene-nofgh1782120

    <Eit deilig sprøtt samstidsband – Asamisimasa – tolkar arbeidet til komponisten Laurence Crane (trur han er engelsk). Gleder meg til å høyra heile albumet.
    Kanskje noko av dette kan vera nytt og interessant for deg? Kanskje er det gamalt nytt, eller berre totalt uinteressant. Det var i alle fall det nærmaste eg kunne komma å bidra med noko input på din heimebane.

    Tek forresten gjerne i mot musikktips frå ein dyktig pianist (spelar du saksofon sjølv, også?)

    Beste helsing
    Tord T, gjestementor

More from Simon

Other in the lyd category