to tekstar. Vidare og 1+-1=0



1)
 Vidare.

Du seier, ein ikkje kan vera inderleg, lenger.
For noko piss, jævla hestemøkk.
Ja, inderleg. Kvifor kan ein ikkje vera det?
Eg skal gje deg inderleg eg.
Eg skal gje deg kjenslene mine.
Eg skal gje deg hjarta og hovudet.
Kropp og sjel i ei stor jævla røre.
Og det skal vera godt, og det skal vera
sant, fordi det er inderleg.

Eg skal gje deg smerta mi.
Eg skal gje deg dødsangsten min.
Eg skal gje deg skamma mi.
Eg skal attpåtil gje deg fylleangsta mi,
dei gode kveldane, som drukna og
blei patetiske overskridingar i dagslys.
Eg skal gje deg kuttet eg har inni augekroken,
som ingen veit korleis hende.
Eg skal gje deg slaget eg fekk i trynet,
slaget eg fekk fordi eg var full,
fordi eg var overlegen,
eg tala drit om Cuba.
Eg skal gje deg utruskapen eg så vidt kan hugse.
Eg skal gje deg lange fyllemonologar, dei eg gav til
venner, uvenner, familie, lærarar, alle.
Eg skal gje deg alle talane eg truleg skal ha helde.
Spesielt den frå skuleavslutninga på VGS.  
Og den, ja, den er vond og inderleg. Trur eg.

Om du ikkje vil ha alt det vonde og ekle.
Om du ikkje vil ha alt det dystre.
Så skal eg gje deg det andre.
Eg skal gje deg gleda og kjærleiken min.
Du skal høyre om mitt første kyss,
min første kjærast, mitt første ligg og mitt første brot.
Eller, du skal høyre om mitt beste kyss,
min beste kjærast, mitt beste ligg og mitt beste brot.
Kanskje fortel eg deg om ho.
ho som knuste, det eg meinte var
hjarta mitt, utanfor
fritidsklubben då eg var 14.
Eg skal gje deg den skjelvande usikkerheita
som berre plutselig kom ut av munnen hennar,
dirra igjennom lufta
inn i øyra, og øyregongen min,
fekk trommehinna til å vibrere nett slik at
ein kunne kjenne det godt i magesekken.
Dei mørke, tynne krøllane og den distinkte lukta hennar.
Ikkje søt, på nippet til kvalmande som dei andre
men stram, og verkeleg.
Håret hennar lukta ekte hår.
Ho var verkeleg.
Eg skal gje deg ho.

Om du ikkje vil ha det beste eller det vondaste,
skal eg gje deg alt det normale.
Eg skal gje deg kneskaden og nærsyntheita mi.
Eg skal gje deg rutinane mine og handlelista mi.
Eg skal gje deg bankkontoutskrifta mi,
spotify-spelelistene, facebookchatten, smsane, mmsane,
snapchatten, instagram, fuck it, du kan få både PCen og mobilen min.
Eg skal gje deg film-, bok- og platesamlinga mi.
Eg skal gje deg jolegåvene eg fekk av farmor.
Skriveboka og Vreeswijkplata ho sa
eg ville trenge. Eg skal gje deg det minnet òg.
Eg skal gje deg heile farmor!
Alle dei vakre kleda hennar;
parfyma, pelskåpa og dei vakre ringane ho alltid gjekk med.
Det kvite håret og historiane hennar.
Korleis ho ikkje såg det vonde i krigen,
men dei tyske menneskja, rådet om å; sjå menneskjet.
Eg skal gje deg dagen farfar døydde.
Den plutselige døden, den som berre tok ein dag.

Eg skal gje deg mamma og pappa.
Eg skal gje deg skilsmissa,
krangelen i stova den vårdagen,
ljoset frå sola igjennom glasdøra,
Silhuettar i bevegelse
medan eg kraup på golvet og høyrde det skje.
Eg skal gje deg alle stadane pappa flytta.
Kjellarleilegheita han delte med broren sin.
Eg skal gje deg papirflya me laga der
av etikettar frå hermetikkmuseet.
Det perfekte flyet som flaug rundt hjørnet
på kjøkkenet, tok ein loop og
landa inne på soverommet.
Eg skal gje deg fotballkampane.
Hans høglydte diskusjonar med trenaren,
kranglar om pedagogikk,
om topping av lag og speletid.
Eg skal gje deg ideen om at
det berre var på grunn av meg.

Eg skal gje deg det som eingong var ein gard.
Huset til mamma, systrene mine og eg.
Kaninbura i skogen, der eg gøymde meg.
Brønnen, som ei lita jente fall i.
Kattungane som stakk av.
Eg skal gje deg matteleksa eg
gløymde, gråten og frykta
for det som venta.
Ingenting, men eg gråt likevel.
Det forferda blikket til mamma
så ho innsåg det.
Eg skal gje deg kniven eg stal frå pappa.
Vernet mitt, som mamma fann
då ho leita etter noko eg ville gøyme.
Eg skal gje deg Ideen om at
den songen ein høyrer om morgonen,
den avgjer heile dagen.
Eg skal gje deg eit bilete
av meg som eit barn.
Redd, sint, brunt, langt hår over gråblå auge,
på veg vekk frå noko.
Eg skal gje deg denne vegen.
No går eg.



2)
 1 + -1 = 0

Det er natt og heimen søv, dei søv og skal ikkje vakna før om 5 timer, klokka er 2. Det gir dei fire timar før de vaknar, før dei kan vita. Eg går ned frå taket. Ingenting i kveld. Det er på tie. 0 + 1 - 1 = 0 Det finnes ingenting. Der, ute. Eg går ned på rommet, listar meg til kommoden.
På skrivebordet. Finn skoa. Musikk. Jakka. Ikkje tenk. Eller jo vent, berre + 1 – 1 = 0
Eg klatrar ut vindauget. Og snik over grusen. Bort på plenen og ut i gata, det er stille, eit og anna lys er på, men elles svarte ruter. Ingen køyrar. ingen er vakne, eller.
Ingen ser. Graset er vått og det er kaldt i skoa.  Det er ikkje langt, Joggar. Det er ikkje langt og musikken går, musikken skrik og det er kortare og det er varmare i skoa og dei treff asfalt
og den er hard og våt og skin av høyst og nått, og himla er svar og stum, den er tom og gata er full av kvasse gule lys, de panterar sjølve asfalten og skrik. STOPP. Fortsett, det bles over musikken og skriket forsvinn litt, kulden veks og ingen joggar. Det veks ein prikk i horisonten og det er ljos og gata lev og eg gjøymar meg. Nei. Det er lov å gå nå, men ein bør ha ein grunn. Ljoset er elektrisk blått og visar inga respekt for natta eller dei gule lysa sitt domene.

Bilen passarar, sølvgrå kjempe. Ingen kjente. Eg kjem til kanten av byggefeltet, rett ved steinbrotet og klatrar over gjerdet. Inn på byggjeplassen. Over brua og ned i det store brotet. Opp til veggen og handa over den rugla flata. Klatrar på toppen av grushaugane, står der og ser korleis gatelysa bind gatene og alle dei svarte glinsande hola i husa saman i eit einaste stort mønster, alle dei glatte fasadane og alle hekkane. Somme av trea sug opp ljoset frå nokre av stolpane, som har vekse om gatelyktene og skin i grønt, ikkje gult. Dei bryt det endelaust monotone i lyktene si evige inngjerande effekt på gatene. Kuttar det gule bandet som bind byen saman. Mørket på plassen er ikkje absolutt, og det minkar stadig. Det blir blåare og blåare og snart er det dag. Og steinen på toppen forsvinn ned i haugen og eg skal ikkje vere her. Ingen vil stå i denne haugen. Denne haugen vil ikkje stå. Men det vil kome ein ny haug, eit nytt brot og ein ny natt. Det finst skal finnast og har funnest båe steinbrot, netter og menneskje. Men ingen står denne haugen, det er berre eg her åleine, Eg er no, og skal -1=0

Se neste verk: Dikt, uten navn

to tekstar. Vidare og 1+-1=0

Jonas Kroken Sævereide

Jonas Kroken Sævereide

1 år, 6 måneder siden (885 besøk)

Kommentarer

  • Jonas Kroken Sævereide

    2 uker, 6 dager siden

    Hei, takk for kommentar! Er blitt mer og mer usikker på disse diktene, men glad de falt i smak. Har du noen kommentarer til hva som kunne endres? spesielt i 1+-1=0? er det dvelende noe som hindrer eller styrker teksten, bør det kanskje legges mer vekt på det som potensielt kan skje?

  • Hanne Grieg Hermansen

    1 måned siden

    Hei Jonas. Jeg synes du skriver bra, og liker begge diktene godt. Vidare gir meg klump i halsen, og jeg liker måten du driver det nettopp videre på, det er effektivt, intenst og gjenkjennelig. 1+-1=0 har en helt annen stemning igjen, der du er mer dvelende og beskriver mennesket og natten på en måte der leseren ikke helt får fatt på hva som skjer, men kan kjenne på en engstelse over at noe kan skje.

More from Jonas

Other in the tekst category