Knekkprosa, nesten

Anti
Kva er eigentleg gale med å banke dritten ut av en nynazist? Kva er eigentleg gale med å tala på det einaste språket dei ser ut til å forstå.

Dine forfedre hadde skjemst av din opplyste pasifisme. Kvar fot som marsjerar, for eit kvitt Noreg. Kunne like gjerne vore eit dansetrinn
langs dei endelause rekkene av kvite kors


Dusj
Det er ikkje noko me har gløymd, det er noko me aldri har forstått. Noko som kom til syne då me splitta det innarste inne og fant eit krater i tida, i verda.

Det er noko me ikkje kan gripa åleine.
Som røyrsla til havet om seg sjølve.
Metrologar og marinebiologar, fiskare og surfare. Ingen av dei forstår havet heilt, berre livet og bølgjene, trykket og straumen.
Ingen av dei veit korleis ei dråpe, kan forbli seg sjølv

Utan tittel
Det skjøraste eg veit er lyd. Alle lydar, frå brøl til ynk. er fatta på den same dirrane røyrsle.
Ei usynleg frekvens stel totaliteta ved tysnaden,  bryt ur-tilstanden, men berre såvidt.

Kva er chuck berry for «dei der ute»
Kan ein verkeleg skrika ut i verdsrommet,
eller forblir det her på jorda.


Rus
Det er enklare å vera varsam i dag. Enklare å vita kva som burde prøvast og bli til verkelegheit. Resultat og fremgansmåte, alt er der samstundes.
men det er lettare å snu seg vekk, finna kollektive kognetive fordreiningar, som kan forklara det latterlege antall transporterane kjemikalier i oss,
til ein kvar tid. Åtvaringa på pakken er humor, fabrikanten ler sist.
Se neste verk: Dikt, uten navn

Knekkprosa, nesten

Jonas Kroken  Sævereide

Jonas Kroken Sævereide

7 måneder, 3 uker siden (148 besøk)

Kommentarer

More from Jonas

Other in the tekst category