Det brenn godt

Det nærma seg julaftan og klientellet på PB'en bar og pub skreik og skrålte meir enn normalt. Det var ikkje noko ho gamle Astrid vanlegvis hadde vanskar å vere med på, hadde det ikkje vore for at juletidene ga henna eit viss tungsinn. Ho satt å mimra om betre tider med sviresystrene sine då eit latterbrøl frå pool-gjengen sprakk hòl i sinnet hennar.

PB'en mørkna i eit sekund før ho igjen såg julelysene. Sviresystrene gløtta bekymra på Astrid der ho sto utan å hugsa å ha reist seg.

"Eg t - trenge noko sterkt i frå han Odd Harry," stamma ho, og vakla bort til baren, men fekk seg ikkje til å bestilla noko, ho bare satt seg. Ut i frå hòlet pipla eit gammalt minne fram. Brølet frå pool-bordet hadde minna om eit anna brøl, brølet til far hennar, far hennar som hadde vore døu i tretti år. Men det var ikkje det at han var døu som ho hadde hugsa, nei, men ei julaftan for lenge si, då ho var lita. Det var vel ei av dei siste julaftnane dei hadde feira i lag i huset hans, bare dei to. Og ho hugsa julelysene, og øllukta i huset; litt som i PB'en; men og ei peislukt, ja, dei hadde fyrt i peisen ...

Brølet, som bygde seg opp i faren, fordi han kunne slå om så fort, han kunne vere den snillaste i eit augeblikk, men så ... ho såg det i måten hovudet hans rista, meir og meir ... Den kvelda var det at han ikkje hadde kjøpt inn nok øl, og ho kunne jo ikkje gjer noko frå eller til, ho var jo så lita, men ho hadde ville hjelpa han og saman saumfór dei huset etter øl, sjølv om det fanst ikkje meir, så då begynte han å brøla. Og når han var slik så han etter fine ting å øydelegga, det skjedde kvar gong, og vanlegvis hadde dei ikkje så mange fine ting lenger. Men unna juletreet låg alle julegåvene frå far, frå mor og frå besteforeldra hennar, og gåva ho hadde lagd til far; eit dorull-stativ ho hadde snikra i sløyden på skolen ...

Ljomen av brølinga sat i huset.

Ho hugsa den knitringa, all den oska, som spreidde seg i stua.

Far angra seg rett etterpå, jekk om i huset og unnskylda seg, igjen og igjen, men han klarte ikkje sjå på ho, hovudet rista fortsatt.

Ljomen av brølinga. Knitringa.

Korleis hadde ho klart å gløyma knitringa?

Astrid kvapp når eit shotteglas blei skjøve føre nasa hennar. Det var fylt til randen. Odd Harry sa ikkje noko, han bare gnikka på eit glas som ikkje blei noko reinare.

Astrid takka og tok seg ein slurk. "Det brenn godt," sa ho, og lo så ho hosta.
Se neste verk: Dikt, uten navn

Det brenn godt

Vilde Vikse

Vilde Vikse

9 måneder, 2 uker siden (162 besøk)

Kommentarer

More from Vilde

Other in the tekst category