kanskje det faktisk

når framande spør meg om eg trivast i noreg,
tenkjer eg at det gjer eg faktisk.
at den raude bunaden min er det finaste eg eig.
at eg likar raud julebrus allerbest.
at eit raudt pass er den beste boka eg har lest.

når framande seier at det er bra med litt farge blant alt det kvite,
tenkjer eg at det er eg einig i.
at våren er finast når ein blome veks opp frå snøen.
at raude roser på eit kaldt kinn er undervudert.
at ein kvit softis er ingenting utan litt strøssel.

når framande spør meg om eg har tenkt til å reise heim ein dag,
tenkjer eg at det gjer eg faktisk.
at heime er ein oppoverbakke og eit hus med hage.
at heime er der eg kan feire ein bursdag med blautkake.
at heime for meg er ein stad med djupe fjordar og store fjell.
Se neste verk: Vega

kanskje det faktisk

Paula Ullaland

Paula Ullaland

4 uker, 1 dag siden (60 besøk)

Livets harde skole som man sier

Kommentarer

More from Paula

Other in the tekst category