Natt, og så blir det morgon

Frida Solheim
Frida Solheim
Ble medlem for 5 år, 6 måneder siden (1141 besøk)

Om natta står nattlyset mitt på
Det fekk eg då eg var lita
For å føle meg trygg
No bur eg ikkje heime lengre
Men når eg er på besøk
Ja, då står nattlyset mitt på om natta
Når eg ikkje er på besøk
Står nattlyset mitt på heile døgnet
For at foreldra mine skal finne ro
Sjølv om eg ikkje er der
For at dei skal kunne vite at eg er trygg

Eg pleide å vakna kvar dag av kattepoter mot magen
Det kilte når katten hoppa opp i senga og byrja å bevege seg
Men det kilte på ein måte akkurat passeleg
Slik at det slutta å kile etter eit par minutter
Katten min lever fortsatt, ikkje tru noko anna
Eg blei visst litt sentimental
Når eg er på besøk koser ho med meg
Og kvar morgon hoppar ho fortsatt opp i senga mi
Dei små potene hennar vandrar på magen min
Ho vekkar meg ved å snuse på halsen min
Og som det kiler i hjartet