Urettferdig lenge til (jul, dikt og illustrasjon)

Linn Isabel Eielsen
Linn Isabel Eielsen
Ble medlem for 6 år, 7 måneder siden (484 besøk)

Urettferdig lenge til

Mamma seier at eg aldri får eit akebrett,
men ho veit ikkje noko om kva eg i kveld har sett
den låg der fint i skapet, innerst bak alt tull
rett bak alle truser, og kåper sydd av ull
ho låg på øvre hylle, men eg hoppa, sto på tå
ei svær og diger eske, med lilla sløyfe på
kva anna kan det vere? Den må jo vere min
eit akebrett med styre, som går raskare enn lyn!

Snøen kom i går, og eg får slettes ikkje ro
så urettferdig lenge til, for eg vil ake no!
kva anna kan det vere? Den må jo vere min
så kva om eg gjer eska til ein ekte tidsmaskin?

Eg kan setje meg i eska, og bruke fantasi
om eg berre vil det nok, kan eg reise fram i tid
så flyr eg over himmelen, blant stjerneskodd og snø
kanskje ser eg nissen, og sleden hans i kø!
eg spolar rett forbi 23 dagar med «snart»
hoppar rett til julaftan, kor alt er fint og klart!
så ser eg på ein teiknefilm og eter kva eg vil
heilt til nissen bankar på og spør om eg er snill
så kjem han inn med gåver, og kjeks og godteri
og etter alt er opna, er det nesten sengetid...

Så er jo kvelden over, med eit år til neste gong
eg hoppa over alt, ei tid med leik og song!
det er jo ikkje berre sjølve kvelden som er gøy
men ventinga med spenninga og masse sukkertøy!

Mamma seier at eg aldri får eit akebrett,
men ho veit ikkje noko om kva eg i kveld har sett
den låg der fint i skapet, innerst bak alt tull
rett bak alle truser, og kåper sydd av ull
eg såg ho, og no veit eg, kva eg kanskje vil få
men eg smørar meg med tålmod, for tida den vil gå
det er jo ikkje lenge til, 23 dagar med snart
og i morgon når eg vaknar er det mindre enn i dag.