TrafoProfil: Svanhild Amdal Telnes

Publisert 12. mai 2017

Sist oppdatert 12. mai 2017

News article image

«Likar best knapp lyrikk, men ordrik ellers i livet.» Slik beskriver litteratur- og psykologistudenten Svanhild seg selv. «Skal jo tross alt prate folk friske ein gong i framtida.»

Svanhild Amdal Telnes fylte 23 for ikke så lenge siden, og er dermed blitt for gammel til å bruke Trafo. Men sporene etter henne er ikke vanskelige å finne. I løpet av sine aktive år har hun lagt ut et stort antall knappe, poengterte tekster, og i april 2016 ble hun også kåret til månedens Trafo-talent for diktet «Aldri så fri».

Det slo oss at akkurat nå var et passende tidspunkt både for å oppsummere og å kaste et blikk fremover.

– Eg heiter Svanhild og kjem frå Seljord i Vest-Telemark, begynner hun når vi ber henne fortelle om seg selv. – Der vaks eg opp med to brødre og foreldre som på kvar sin måte var veldig opptatt av litteratur: mamma som lesande og pappa ved at han sjølv skreiv dikt. Begge to var lærerar på ungdomsskulen i bygda.

Når og hvordan oppdaget du litteraturen?

Eg var veldig glad i å lese når eg var yngre, og skrivinga byrja òg tidleg. Heilt frå barneskulealder har eg vore glad i å fortelje, både skriftleg og munnleg eigentleg, og eg likte å drive med noko eg fekk til. Det var vel omtrent rundt overgangen til ungdomsskulen at eg fatta interesse for dikt, sjølv om eg hadde kjent til den sjangeren lenge gjennom at pappa skreiv.

I den alderen var Skrivebua.no ein veldig viktig arena for meg, for eg har alltid blitt motivert av å bli lest og få tilbakemelding. Det er vel kanskje innlysande at det er inspirerande å få kommentarar på det ein har skrive, men nokre kvir seg jo veldig for å vise fram det ein har laga. Eg har aldri gjort det, og er i ettertid glad for at eg har gitt meg sjølv ein låg terskel for å publisere eller lese opp ting for andre. Det betyr ikkje at eg ikkje er streng med meg sjølv og det skal ofte mykje til før eg føler at ein tekst «sitt» eller er «ferdig» (viss han nokon gong er det, da).

Eg prøvar å jobbe med å ikkje la krava til at teksten min skal vere god stoppe skriveflyten, men det er ikkje alltid like lett.

Hvilke forfattere inspirerer deg?

Det er mange! I år har eg blant anna lese Pedro Carmona-Alvarez, Steinar Opstad, og Ruth Lillegraven. Hugsar spesielt at eg las Urd (Lillegraven) i eitt jafs, og tenkte at ei slik diktsamling ein gruar seg til å bli ferdig med, det har eg lyst til å skrive ein gong.

Tekstene dine tar ofte utgangspunkt jordnære og hverdagslige observasjoner. Hvor mye inspirasjon henter du fra ditt eget liv?

Som alle andre skrivande hentar eg inspirasjon frå mitt eige liv, det er ikkje til å komme utenom. Kva som helst kan setje i gang ein tekst, det kan vere noko eg ser, høyrer, luktar eller opplever. Eg skriv sjeldant direkte sjølvbiografisk, altså om min eigen oppvekst og liv, men det vil av og til vere element i tekstane mine som overlappar.

Når ein skildrar personar, trur eg ofte ein hentar «personleghetsfyll» enten frå seg sjølv eller menneske ein møter. Dette vil jo gjere at visse karaktertrekk eller skildringar kan kjennast att, men det er aldri direkte samanheng for min del. Når eg skriv bror er det broren til dikter-eget, og ikkje min eigen. Dei kan vere totalt ulike, sjølv om kanskje begge har eigd ein blå moped.

Kan du fortelle litt om hvordan du jobber med tekstene dine? Hvordan finner du for eksempel frem til akkurat de riktige ordene? Bruker du mye tid på redigering?

Eg er ein ganske «umiddelbar» diktar og ofte skriv eg ned teksten akkurat slik han oppstår i hovudet mitt. Tidlegare syns eg det var kjedeleg å redigere og fikse, eg ville på ein måte alltid vidare, men det har eg blitt betre til på Skrivekunstakademiet. Nå syns eg det er fascinerande å sjå kor mykje redigering kan gjere for diktet. Det kan verkeleg løftast til eit nytt nivå, og det er fint å sjå at ein kan flytte rundt og stokke om på setningar og skape nye ting.

Korleis eg finn dei rette orda syns eg er vanskeleg å svare på, det er vel bare ein slags intuisjon. Må på ein eller anna måte stole på mitt eiget språk. Eg er glad i det knappe, så ofte er målet mitt å bruke færrast mogleg ord, men sørge for at kvar av dei er så presise og lydlege at dei «ber» meininga eg vil ha fram.

Kan du plukke ut en tekst du er fornøyd med og si noe om hvordan den er blitt som den er blitt?

Det trur eg må bli «Eg fekk sitje i båten din». Dette diktet har eg eit personleg forhold til, for (i motsetning til det eg sa tidlegare i intervjuet) er det direkte inspirert av ei personleg oppleving. Eg skreiv det etter at eg mista far min i desember 2014, og er om den merkelege «lettande» følelsen eg kjente idet han døydde.

Eg er fornøgd med at eg har fått det så knapt og at båt/sjø-metaforen er konsistent gjennom diktet. Å sitje i nokon sin båt er for meg eit bilete på å vera involvert i deira liv, men likevel bare ein del av det. Setninga «då du drog årun opp» syns eg har ein god rytme og byggjer vidare på at den som ror båten har styringa. Eg har vald å bruke eit innslag av dialekten min der, sidan eg syns «årun» har ein mykje finare klang enn «årene.» Det gjer det kanskje endå meir nært for meg òg.

Eg fekk sitje i båten din

då du drog
årun opp

eg kjende
sjøen i meg
stilne

Hvilken nytte har du hatt av å gå på Skrivekunstakademiet?

Dette året på Skrivekunstakademiet vore veldig kjekt og lærerikt! Tidlegare har eg delt tekstar via nettet (Trafo, Skrivebua og Diktkammeret), men har ikkje vore del av noko anna skrivande miljø. Det har kanskje vore det beste med året, å komme inn i ei gruppe der alle er interessert i skriving og slik ha folk å snakke om litteratur med - både i og utanfor klasserommet. Eg har blitt betre til å lese.

Svanhild sammen med andre studenter ved Skrivekunstakademiet og antologien de gir ut til høsten

Du studerer både psykologi og skrivekunst. Opplever du at det ene fagfeltet påvirker det andre på noe vis?

Frå hausten av skal eg tilbake til Trondheim der eg studerer psykologi. Eg hadde fullført tre av seks år før eg tok permisjon, så planen er å gjere meg ferdig med studiet. Eg kjem til å fortsette å skrive undervegs, og håpar å kunne kombinere psykologyrket med å skrive.

For meg er grunnen til at eg er interessert i begge dei felta litt overlappande. Det handlar mykje om relasjonar når eg skriv, og eg er jo (naturlegvis, sidan eg valde psykologi) interessert i korleis folk tenker og snakkar saman. Eg har med meg utdanninga mi inn i skrivinga, både i forhold til å danne karakterar og skrive dialog.

Samtidig er eg opptatt av å ikkje følgje ein «textbook-mal» av psykologiske mekanismar for å bygge truverdige karakterar, og noko av det mest artige syns eg er å la personane i ein tekst «ta over» og leve sitt eget liv. Nokre gonger skriv ein ting som ein ikkje heilt skjønnar korleis kom inn i teksten, det syns eg er fascinerande.

Hvilke ambisjoner har du for skrivingen din?

Hehe, det er nesten litt skummelt å snakke høgt om, men det eg er heilt klar på er at eg vil skrive og bli lest. Eg håpar å kunne gje ut bøker i fleire sjangrar.

Du har nå bikket 23, og er med det blitt for gammel til å bruke Trafo. Men kanskje du kan si noe hva du har fått ut av å være medlem?

Eg har fått mykje ut av å vere medlem på Trafo! Det har vore spennande å sjå andre sine bidrag og fylgje utviklinga deira. For min del har det likevel vore det viktigaste å ha ein arena for få tilbakemelding på mine eigne tekstar.

Eg laga profil for 6–7 år sidan, men då trur eg ikkje eg kom heilt inn i det. I den perioden brukte eg heller Skrivebua eller Diktkammeret for å publisere dikt. Etter ei stund stoppa skrivinga mi veldig opp, omtrent rundt 1. eller 2. klasse på gymnaset, og profilen min stod urørt i mange år. I denne perioden skreiv eg eitt og anna dikt, men følte sjeldent at det stemte lenger. Det var ganske frustrerande.

Etter to år på psykologstudiet var det eitt eller anna som lausna, nærmare bestemt på utveksling til Australia. Hausten 2015 byrja det å piple fram att tekstar eg kjente meg fornøgd nok med til å dele, og ein av desse la eg ut på Trafo. Det var «Mentolisme» som Gaute Heivoll (mentor i oktober 2015) kommenterte veldig fint på.

Eg fortsette å legge ut tekstar i løpet av hausten, og har gjennom Trafo blitt kontakta av to forlag og fått prøvd ut omtrent all teksten eg brukte til å søke til Skrivekunstakademiet. Lesingane til mentorane (spesielt Linda Klakken, april 2016) og dei andre brukarane var veldig viktig for å blåse liv i skrivinga mi. Det er eg takknemleg for!

Se flere av Svanhild sine arbeider på profilsiden hennes. En oversikt over tidligere TrafoProfiler finnes på denne siden.