TRAFOPROFIL: Blueprinted

Publisert 14. mai 2009

Sist oppdatert 27. juni 2011

News article image

Kristina Leganger er ein særs aktiv
poet. I ein alder av 20 år har dikta hennar nådd langt i mange konkurransar,
mellom anna har ho vunne avisa Dagbladets konkurranse
Skolekammeret og
Diktkammeret fleire
gonger.



ANDRE ARTIKLER I DENNE SERIEN


TRAFOPROFIL: Piper

- 27. juni 2011


TRAFOPROFIL: Markus Vad

Flaaten


- 9. april 2011


TRAFOPROFIL:

Epleslang
- 6.

februar 2011


TRAFOPROFIL: Benjamin

Loeb
- 7.

desember 2010


TRAFOPROFIL:

fiolina
- 9.

november 2010


TRAFOPROFIL:

Mokinzi
- 15.

september 2010


TRAFOPROFIL:

Stroszek
- 24.

august 2010


TRAFOPROFIL: Blueprinted - 14. mai 2009

TRAFOPROFIL: Magnus

Guyra
- 27.

april 2009


TRAFOPROFIL:

guroURO
- 10. mars

2009


TRAFOPROFIL: Asor

Ave
- 8. januar

2009


TRAFOPROFIL: Simon Eriksen

Valvik
-

12. desember 2008


TRAFOPROFIL: midskills - 17. november 2008




Les også: Blueprinted debuterer på Samlaget


Heilt sidan bergensjenta

Blueprinted fekk taket på blyanten

har ho skrive mykje. Faktisk så mykje at ein barneskulelærar gav henne beskjed

om å ikkje skrive så langt og bruke så vanskelege ord. I 12-årsalderen tok ho

det eit steg vidare, og skreiv sine første poetiske tekstar.



  • Eg har alltid prata frykteleg mykje, og trur det at eg har skrive har vore den einaste måten å ikkje gjere omgjevnadene mine sprø, sier Kristina sjølv.


VENTAR IKKJE PÅ ORDA

Frøken Leganger er ikkje blant dei som går og ventar på at orda skal dukke

opp, men går heller aktivt ut og finn dei.




  • Om ein berre sit og ventar trur eg ein fort kan vente lenge, seier Kristina. Måten ho finn orda er ved å vere enormt merksam på alt som finnes kring henne, og leite etter ord som skildrar omgivnadene.




  • Eit bord er ikkje berre eit bord, det finnest sikkert uendeleg mange av dei, og eg trur det er når ein legg merke til desse detaljane og kanskje lurar på kvifor ting er som dei er, at ein kan finne orda, seier ho.




LEIKAR MED RØSTER
20-åringen har eit variert uttrykk, nyttar fleire sjangrar, og leikar seg med
fleire ulike litterære røster. Ho fortel at ho opplev det å skrive som ein
leik med desse stemmene, som ein måte å nærme seg tinga og historiene på, men
og som ein måte å nærme seg sjølv på.

  • Skjønnlitteraturen opererer gjerne i gråsona mellom fakta og fiksjon, mellom biografien og fantasien. Eg likar at han er der, i gråsona. Det gjer det så mykje meir spanande, seier ho.
    Men den gryande forfattaren vegrar seg for å leggje for mykje føring på kva
    dikta hennar krinsar om.

  • Mi tolking eller lesing vil bli privat, og kan innskrenke andre si lesing, seier ho.

FRI RADIKAL
Kristina er og politisk engasjert, og sjølverklært feminist. For to år sia
skreiv ho eit lesarinnlegg i
Dagbladet
om temaet,
som utløyste ein debatt og til slutt endte på framsida av avisa. På bloggen
sin Grapecityjuice
kallar ho seg ein
fri radikaler, noko som tyder at ho plasserer seg eit stykke ute til venstre,
utan å vere knytt til noko parti. I tillegg er ho ein aktiv forkjempar for
Ivar Aasens livsverk. Då ho gjekk i andreklasse på vidaregående bytte Kristina
til nynorsk, og i dag er ho leiar for Studentmållaget i
Oslo
. Men ho er ikkje utan vidare med på at
målføret har noko å seie for måten ho skriv på.

  • Språk er identitet, og det er klart at i litterære tekster kan det å vere medviten på dette vere ei styrke. Eg ikkje trur dikt blir betre som dikt i kraft av å vere skrive på nynorsk. Men å vere medviten på språk, det trur eg kan gjere at ein skriv betre, sier ho.

INGEN PLANER
Førebels har livet tatt Kristina fra Bergen til Oslo, der ho studerer filosofi
og litteratur. Vidare puslar ho med tanken på å ta tverrfaglige kjønnstudier.
Men utover dette er planene vage.

  • Om det er noko eg manglar så er dei ein plan. Heller enn det har eg vel mange ballar i lufta. Så får ein sjå. Så lenge det er moro og givande er det jo berre å skrive, skrive, skrive, og sjå kva det blir av det, seier Kristina Leganger.