Denne måneden er det serietegner Øystein Runde som har fulgt dere i Arena. Nå
er hans tid som GjesteMentor over for denne gang, og på vei ut av dørene har
han skrevet en liten hilsen til dere. Den finner du under her. Takk for nå,
Øystein!
Ja, då er mi tid over.
Det å meine noko kjem ganske lett for min del, men å skulle skrive det ned er
jo skumlare. Ein kan hate noko fordi det er nytt og vanskeleg - og difor er
det kanskje det beste ein har sett på lenge. Så då nivået på trafo gjekk opp
for meg, var det langt meir spennande å skulle seie noko.
Foto ser ut til å vere i overvekt, noko som er logisk. Eg har difor fokusert
litt ekstra på illustrasjon og tekst, i håp om å få litt meir merksemd rundt
dei.
Mange imponerer: Sepoe kom inn i slutten
av månaden og leverte mange av mine favorittar:
og denne
på tekstfronten var det gøy å sjå ting mutere - enten etter innspel eller av
etterpåklokskap: denne teksten av Mats
Lykke trur eg fantest i ein
enklare versjon før, men har no vorte berika med meir “forspill”, medan
klimakset er det same som før.
Stormun imponerer meg - som ho har
imponert mange andre. Ung og begava og med ein overflod av fantasi og varierte
teknikkar. Eg har prøvd å finne på ting å seie til henne, men det ser ut som
ho er trygg på sine styrkar og veit kva ho må lære meir om allereie. (skjelett
og anatomi, Stormun - og om nokon kan drille deg brutalt i trepunktsperspektiv
i to års tid, (det er kjedeleg, men verdt det) så er du ein av dei beste i
landet når du er ferdig. OM du altså gjer den kjedelege jobben.) Så eigentleg
er det berre å lene seg tilbake og vente på kva ho har å bidra med til
menneskeheta.
Hanskerom har også mykje flott.
Eg ser at Hanskerom har gått i Kabelvåg, så eg har
sikkert undervist vedkommande. Men hanskerom si forståing av balanse og
tredimensjonalitet er heilt
super.
Så då vil eg berre takke for at eg fekk prate kunsten dykkar i småbitar, bryte
ned sjølvtilliten dykkar, og etterlate dykk som grinande vrak. Det er ein hard
bransje, og eg er glad for at eg vart invitert til å trø i graset her. Kanskje
klarte eg å hindre akkurat DIN spede spire i å reise seg! Det er nok ingen
vits i at du viser fram greiene dine. Spesielt ikkje på forlaget som eg har
kontrakt med, og som leitar etter nokon som er like flinke som meg, men mindre
humørsjuke. Det er nok ingen vits i at du går dit. Du har nok ingen sjanse.
Det er nok ingen vits i at du prøver deg eller kjempar. Det er viktige er at
du aldri opplever eit avslag i ditt liv.
Klem,