Fredrik Rysjedal har nå kåret vinneren av fanzineutstyret som vi utlyste som premie i fanzine-konkurransen “Under huden”. Vi overlater tastene til Fredrik:
Eg jobbar med å setje saman trafo-fanzina, og plukkar no ut bidragsytarane som skal med. Ein av bidragsytarane skal også få ei gåve: fanzinemakerutstyret som vart annonsert i saman med prosjektet. Vinnaren er «fshagen» for teksten XI.

Bidraget var eit kort dikt, som med få linjer fanga interesse og greide å overraske. Det er ein tekst som opplevast som humoristisk og alorleg på same tid, då den tar opp eit tema som ligg langt under huda på oss fleste. Den er kortfatta, spissa og orginal som gjer at teksten festar seg, og den greier å kombinere temaet på fleire nivå.
Koplinga mellom hud, dei alvorlege kjenslene og den midlertidige og ufarlege løysinga er ei finurleg samansetting.
Ekstra stas tykkjer eg det er å gi fanzinemakerutstyret til ein tekst, fordi eg ser mindre av tekstfanzina ute i fanzinehyllene. Eg håpar forfattaren kan bruke denne gåva til å spre tekstane sine gjennom eigenpubliserte pamflettar og fanziner i framtida.
Trafo-redaksjonen gratulererer fshagen (Fredrik S. Hagen) med nytt fanzinemakerutstyr!
Vi vil i løpet av de neste ukene også annonsere hvilke bidrag, i tillegg til dette, som har blitt valgt ut til å være med i “Under huden”-fanzinen.