GjesteMentor Hilde takker for seg

Publisert 2. april 2013

Sist oppdatert 2. april 2013

News article image

Forfatter Hilde Myklebust gjesteopphold på Trafo er nå over. Gjennom hele mars har hun kommentert og gitt tilbakemelding på bidrag som har blitt lagt ut på Arena. Vi overlater tastene til Hilde for en siste oppsummering:

Eg visste om Trafo då eg vart spurt om å vere gjestementor, at det var ein stad der unge kunstnarar kunne utveksle og dele arbeida sine, men eg visste ikkje at eg skulle verte så imponert og glad som eg vart av å sjå dette mylderet av ungt talent som Trafo syner fram. Det har vore ei sann glede å logge på dagleg, som å opne ei lita gåve kvar einaste dag i heile mars månad. Stadig nye, fascinerande arbeid.

Sidan eg fyrst og fremst jobbar med tekst sjølv, har nok dei som har lasta opp tekstar hatt best utbytte av meg. Likevel er det ein biletkunstnar som har gjort størst inntrykk på meg. Når det gjeld biletkunst let eg meg ofte rive med på ein annan måte enn tekst, kanskje nettopp fordi eg ikkje sit inne med så mykje arbeidsverktøy når det gjeld dette kunstuttrykket. Eg kan ta inn biletet utan å starte med noko form for dissekering, eg plukkar det ikkje frå kvarandre, slik eg har ein tendens til å gjere med tekst - når eg veit det skal granskast med kritisk blikk. Difor ramla eg fullstendig og inderleg inn i biletverda til Taudalpoi. Bileta hans verkar sterkt på meg, dei har ei suggerande kraft og uttrykket hans er særeige, overskridande og utforskande.

Tekstane eg har lest har vore svært varierande i uttrykk og form, og mange har ein vilje til utforsking som eg trur er både viktig og styrkande når ein er i ferd med å finne sitt eige språk. Det er mange poetar på Trafo, og mange dyktige også. Eg tenkjer ofte at poesien er ekstremt viktig når ein skal utforske språket: det er poesien som er spydspissen inn i det konvensjonelle språket, den taggen som borar og gnir, skaper friksjon og utvidar det heile. Det grensesprengande i poesien er viktig å ta med seg når ein jobbar med tekst, kanskje særleg under utviklinga. Ein ferdig tekst treng ikkje verte fullstendig sprelsk sjølv om ein har leika og sprengt grenser undervegs, men det ligg der på vegen som ein viktig reiskap.

Katjagujord er ein av dei som veit å utforske og leike seg. Heilt på tampen av månaden lasta ho opp eit vakkert tre – i form av eit dikt. Den visuelle poesien kan vere verkeleg flott, og ei forutsetning er at innhald og form samsvarar. Nettopp det får Katja til med sitt greinverk av ord.

Abstract har ein annan stil. Ho kokar ned og konsentrerar store kjensler til små, knallfine dikt. Hennar evne til å finne gode språklege bilete og samanstille desse slik at dei speglar det mennesklege, er imponerande. Her finst ei kjensle for språket som er fintfølande og sterk.

Eigentleg har eg lyst å trekke fram alle eg har kommentert her denne månaden, men nøyer meg med ein siste: Bones. I sin tekst, som vi gjerne kan kalle sjangeroverskridande, fangar han godt inn ein limbo-tilværelse, der hovudpersonen befinn seg ein stad mellom samfunnet sine meterialistiske og inneramma krav og lengta etter noko ekte, som kjærleik kan vere det. Teksten har eit sterkt driv, og rytmisk er det verkeleg godt handverk. Lesaren vert huka tak i og sveiva rett inn i teksten. Bones har drivet, trur eg. Det drivet og trøkket innvendes som gjer at ein skriv, og som gjer at ein ikkje kjem til å slutte med det nokon sinne.

Tusen takk for meg! Trafo er ein bra stad å vere. Det er så vanvittig bra å sjå korleis det bugnar av talent. Eg skulle forresten ynskje at brukarane var litt flinkare til å kommentere kvarandre sine bidrag. Om ein kunne få diskusjonar i kommentarane, så kan det vere svært utviklande for bidragsytaren. Så: bruk kvarandre endå meir.
Ha ein kreativ vår, alle saman!