Tord Torpe er GjesteMentor i november

Publisert 31. oktober 2016

Sist oppdatert 1. november 2016

News article image

Hvem er du?
Eg heiter Tord Torpe, er 31 år (men trur det ikkje heilt sjølv) og er oppvaksen i Øystese midt i Hardangerfjorden. Har studert meg til ein bachelorgrad i visuell kommunikasjon og ein mastergrad i design – begge deler frå Kunst- og designhøgskulen i Bergen. Eg arbeider frilans som illustratør og animatør, men trivst sjølvsagt best når eg kan arbeide med eigeninitierte prosjekt. For tida arbeider eg med ei biletbok og ein animert kortfilm (som virkar ikkje å bli så kort likevel)

Hvilke uttrykk er det du jobber med?
Eg arbeider som skrive hovudsakleg med illustrasjon og animasjon. Teikninga ligg som ein grunnstein i stort sett alt eg gjer. Mykje karakterer og figurative element, gjerne blanda med meir abstrakte uttrykk. Glad i det surrealistiske og absurde, og blandar gjerne inn ein dose realistisk pessimisme eller litt humor.

Hva har du å lære bort til Trafos medlemmer?
Er oppteken av komposisjon, og kan nok dela litt kunnskap kring formale verkemiddel – rytme, retning, kontrast osv. Veldig interessert i historieforteljing på ulike plan: Kva kommuniserer ein med det ein skaper? Ofte er det her det skortar litt før ein har opparbeidd seg den naudsynte erfaringa. Ellers kan eg nok kanskje bidra litt kring reint teiknetekniske spørsmål.

Hvilke forventninger har du til oppholdet ditt som gjestementor?
Ein blir aldri utlærd innan estetiske fag. Den som trur at han eller ho er utlærd, er altså neppe det – men har mest truleg stagnert. Å stagnere er mi verste frykt. Så håpet er å plukka opp eit friskt perspektiv eller to i kommunikasjonen med medlemmene. Eg ser på det som fruktbart for eigen verksemd å setta ord på kva ein tenker om det ein ser. Som utøvande formgjevar gjer ein nok dette litt for sjeldan i kvardagen – formulerer tankane sine i ord og setningar. Det får eg no sjansen til, og det gler eg meg til.