News article image

I mai har den allsidige musikeren og tekstforfatteren Hanne Kolstø vært GjesteMentor på Trafo. Les om hvordan hun har opplevd Trafo, oppholdet i Trafokunsten - og hva hun har bitt seg spesielt merke i.

Tenk om Trafo hadde eksistert då eg vaks opp i ei bygd på Sunnmøre!
Det er den første tanken eg får når eg no skal oppsummere mi tid som mentor.
Eg hugsar eg sakna tilbakemelding der eg sat åleine med gitaren på jenterommet i kjellaren.
Så vit at dokke er heldige alle spirande kunstnarar der ute.

Det har vore mykje tekst denne månaden. Sidan eg først og fremst er tekstforfattar har eg følt meg litt på glattis midt oppi all prosaen, men det har vore veldig lærerikt! Eg har lest alt men berre kommentert der eg intuitivt har kjent eg har noko å melde. Det har vore litt vondt å lese nokon av tekstane sidan det verkar som nokon brukar Trafo nærast som ei dagbok, men det er jo litt fint at det kan brukast til det også. Ein ting eg har lagt merke til er at det verkar litt uvant for dei fleste spirande forfattarane å jobbe vidare med ein tekst etter den er lagt ut. Her er det berre å brette opp armane folkens: tekst tek tid! Ein må prøve og feile og hugse at det også er lurt å lese korleis andre forfattarar har løyst knuten. Det handlar å koble ut sjølvsensuren, men også kunne koble på hjerna på det rette tidspunktet. Det er hardt arbeid. Eg har lest mange gode startar, men saknar viljen til å arbeide vidare.

Det var veldig lite musikk på Trafo! Det vart eg overraska over. Eg håper det har med at folk brukar andre kanalar enn at det ikkje eksisterar, for det gjer meg nesten litt bekymra.

Eg takkar med dette for tilliten og håper eg har vore til hjelp for nokon, men óg at eg har fått vekkt litt harme og motstand i nokon. Det er jo like viktig for å bli kjend med si eiga stemme. Magefølelsen er det beste du har, og den kan veks fram bl.a gjennom at ein kjenner etter kva som skjer når ein får motstand /kritikk.

Det beste eg har sett denne månaden er Olga Nikonova sin dokumentasjon av bilete “Jævla drit”: Jævlig kult!

Andre som har bra greier på gong:

Julie Roterud Amundsen: Tydelege bilete, lett om vanskelege tema.
Stian Gledje Bekkvik: God rytme og spananden utforskartrong.
Inri Magine: Mørkt og skarpt.
Edvard Granum Dillner: Interessante tankar og fin stil.
Adrian Myhren: Kul strek.

Hanne Kolstø

Forfattet av: Adrian Andersson

Opprettet: 31. mai 2017 21:39

Sist oppdatert: 1. juni 2017 09:44

Kommentarer