Nora Savosnick er Årets TrafoTalent

Publisert 18. mars 2018

Sist oppdatert 19. februar 2021

News article image

Juryen har talt. Årets TrafoTalent for 2017 er Nora Savosnick med portrettfotografiet “Anna”. Juryen bestod av Mette Karlsvik, Christian Bermudez og Rebecca Jafari. Trafo gratulerer!

Prisen blei overrakt til ein glad og overraska prisvinnar under eit rekrutteringsarrangement for kunstmagasinet Fletta, søndag 18.mars. Utmerkinga blei delt ut av juryleiar Mette Karlsvik (med dottera som god hjelpar).

Som vinnar av Årets TrafoTalent får Savosnick eit utviklingsstipend på 20 000 kroner. Gratulerer!

Juryens grunngjeving - Årets TrafoTalent 2017

Trafotalentet 2017 er ein ung kunstnar som kjem til å leve som kunstnar. For å klare seg som kunstnar er det ikkje nok med talent. Ein må gå hundre prosent inn for det, og ein må tru på at ein klarar det. Trafotalentet 2017 er berre 22 år, men har allereie satsa, har bestemt seg for at dette skal gå, og motet hennar er blant kvalitetane vi vektlegg. Vi som har vore heldige og fekk følgje henne gjennom 2017 ser at ho blir ein stadig betre og meir mangfaldig kunstnar. Årets talent har ikkje slutta å imponere juryen. Heller ikkje når ho, ein gong i mellom, har levert middels godt, skuffar ho. For årets talent tør å ta sjansar, ta dei sjansane som utviklar henne som kunstnar.

Kall gjerne juryen føreseielege. Vi veit det vel. Og vi forsøkte å ta eit anna val. Vi vurderte å dra opp ein kandidat som ikkje har komme like langt, men som, med oppmodning og merksemd kan gjere det. Vi var sjarmerte av Daria Osipovas dikt “-“. Då vi las andre tekstar av Osipova, såg vi at det ikkje var ein tilfeldigheit. Også andre tekstar av Osipova er forløyste og heile verk, og juryen hadde lyst til å anerkjenne dette med ei utmerking.

Men ein fotograf har utmerkt seg på Trafo dette året. Stundom har ho verka for etablert for Trafo, med heile seriar av foto frå flyktningeleire og anna arbeid osande av research, feltarbeid, fotarbeid, arbeid med kjelder, komposisjon, etterarbeid. I neste augeblikk bruker ho nettverket til det det er best til; å prøve ut eksperiment, å få tilbakemeldingar, og vere open for innspel og endringsforslag.

Nora Savosnicks tydelege evne til å opprette kontakt med og tillit frå menneske er blant grunnane til at ho har sjarmert publikum og hatt tre verk kåra til “Månadens talent”. Av desse tre verka var vi i juryen for Årets talent særleg begeistra for “Anna” og “Aviya Eschenazi”. Vi verdset “Aviya Eschenazi” for dei estetiske kvalitetane og for historia bak. Vi anerkjenner viktigheita av prosjektet: å portrettere den første transseksuelle i israelsk hær. Savosnick har avbilda Aviya Eschenazi i vatn, innramma av steinar. Lokasjonen har symbolverdi. Kroppsposituren dannar eit teikn. Og grunnidéen av kropp i hav er lada.

Men så har Savosnick óg tatt det fantastiske portrettet “Anna”. I motsetnad til “Aviya Eschenazi” har dette portrettet ingen kontekstualiserande materiale; ingen forklaring, ingen lenke til ein serie eller eit større prosjekt. Namnet, det internasjonale og tidlause “Anna” er einaste tekst som heng ved. Dette er noko av det som gjer verket ope. Det veks i auget til sjåaren.

Som Ole Erik Løvold påpeikte då han valde bildet som mai-talent, er «Anna» eit tilsynelatande enkelt portrettfotografi. Referansen til tradisjonen og kunsthistoria er openbar, og er attende til Vermés «Pike med perleøredobb», sikkert endå lenger attover, og går gjennom ein fototradisjon av låg dybdeskarpheit og medviten komposisjon av fargar (augefarge vs. bakgrunnsfarge, velourgenseren vs. leppene,osv). Men nytt hos Savosnick er eit lag av skinnande sminke. Modellen har subtile sosiale markører som denne skinnande sminka, øyreringar og genser i sterk farge. Men elles er merksemda til sjåaren på blikket, som er tillitsfullt og ope.

Det er nettopp i dette tillitsfulle og opne at mykje av nerva i portrettet ligg. Uttrykket og framtoninga til ”Anna” er så ærleg og truverdig at sjåaren blir sugd inn i Annas blikk og ja, den historia ein selv skapar om Anna. Det er ingen tvil; kontakten mellom fotografen og modellen er nær og tillitsfull, og det er denne tilliten som skinn gjennom og rører ved noko dypt menneskeleg og sårbart. Det minner oss på korleis det er å vere tenåring, samstundes med at Annas såre blikk er alle menneske kan kjenne att. Det gjeld alle aldrar og livssituasjonar.

Savosnicks bilder er likevel best når ho blandar kunstfoto med dokumentarisme. Dette gjer ho både i “Anna”, med sine referansar til måleri, og med den tydeleg regisserte men likevel biografiske “Aviya Eschenazi”. Savosnicks strekk grensa for kor mykje bilde kan vere regisserte, dramatiserte og komponerte før dei er meir kunstige enn sanne. Og andre vegen rundt. Savosnicks bilde ender med å vere ein stad imellom disiplinane samfunnsfag og kunst, og sjåaren er forlatt i ei mellomposisjon, som i ein draum. Fordi Savosnick utvider både dei kunstfotografiske og dokumentaristiske språka, kårar vi henne herved til Årets TrafoTalent.

Vi innleidde med å hevde at Savosnick blir kunstnar og kjem til å leve av det. At ho ønskjer å søkje seg til ICP, International Center of Photography i New York, er et stort steg i den retninga. Det er eit håp at prispengane frå Trafo hjelper henne på vegen dit, og at Savosnicks nyttar høvet til å halde fram uforskninga si av dette grenselandet.

Årets TrafoTalent-jury: Mette Karlsvik, Christian Bermudez og Rebecca Jafari



Om Årets TrafoTalent: Hver måned blir ett av alle de bidragene som lastes opp på Trafo kåret til Månedens TrafoTalent. De tolv som blir kåret til Månedens TrafoTalent, er med i konkurransen om å bli Årets TrafoTalent.