Månedens TrafoTalent i april er Indianna Rue

Publisert 7. mai 2020

Sist oppdatert 15. mai 2020

News article image

Performancekunstner Henrik Koppen har returnert til Trafo som voksen for å kåre månedens trafotalent. Han trekker fram en rekke av de talenfulle trafoistene og lander på Indianna Rue som månedens TrafoTalent i april.

Trafo-talent april 2020 Det har vore både inspirerande og spanande å sjå gjennom arbeida dykkar frå april! Eg hadde sjølv ein Trafo-profil då eg var ung og fager, så det er spesielt å vere “ein av dei vaksne” plutseleg. Eg veit av erfaring at Trafo er ein ypparleg plattform for å vise fram arbeida sine, få tilbakemelding og møte andre kreative, så bruk det for det det er verdt!

Eg kjem ikkje unna å skrive litt om korona-tida, mange av kunstverka frå april er verkar å vere laga som ein reaksjon til dette underlege som skjer med verda akkurat no, eller tek opp tema som isolasjon, lengt og angst. Dette tenkjer eg er kunsten som gjer jobben sin, vi er avhengige av desse uttrykksformene for å prøve å forstå det som skjer rundt oss. Vi dealar med kva det vil seie å vere eit menneske i verda akkurat no.

Gult Tre - Hanna Valsgård Bratlie


trykk på bildet for å åpne det i full størrelse

Hanna Valsgård Bratlie har laga ei nydeleg oljepastell-teikning med lekre fargekombinasjonar som balanserer hårfint på grensa mellom abstrakt og figurativt. Det overraskar meg at ein 20-åring har laga noko som resonnerer så sterkt med 1900-tals modernisme, noko som ikkje gjer verket mindre spanande. Det er akkurat passe mengde element i biletet, noko som gjev ein ryddig, men likevel interessant komposisjon. Det einaste eg ynskjer meg er fotodokumentasjon i litt høgare oppløysing så motivet kjem meir fram. Alt i alt, ein kunstnar det er verdt å følge med på!

Mellomrom - Agnes Guttormsgaard



trykk på bildet for å åpne det i full størrelse

Eg vil også trekke fram “Mellomrom” av Agnes Guttormsgaard. Ho reflekterer fint i teksten som følger med biletet over det mellomrommet i tida vi er i for augneblinken, noko som også gjev meining når ein ser biletet. Når eg ser på biletet får eg ei deja vu-kjensle, har eg ikkje vore på akkurat denne staden, på akkurat denne tida av døgnet? Fargane og streken er så levande at eg kan høyre lauvet rasle i vinden, og sjå skuggane frå bakken røre på seg.

Sjette etasje - Kam Eden


trykk på bildet for å åpne diktet i full størrelse

Eit anna verk som har ei sterk tid/rom-kjensle er teksten “Sjette Etasje” av Kam Eden. Teksten skildrar ein morgon sett frå eg-personen sitt perspektiv. Språket er så frodig og sanseleg at eg sjølv står der i sjette etasje og opplever alt som er skildra i teksten. Det er ein tekst der ingenting skjer, men som på effektivt vis set ord på heime-isolasjonen mange har vore i dei siste vekene.

Tusenvis av år - Halvor Mjaugedal



trykk på bildet for å åpne det i full størrelse

“Tusenvis av år” er ein teikneserie av Halvor Mjaugedal som viser korleis ei pyramide blir bygd, står i ørkenen i tusenvis av år og til slutt blir til sand. Arbeidet viser korleis alle ting er i kontinuerleg endring, og ingenting varer evig, sjølv pyramider. Dette er jo ikkje noko vi menneske med våre korte liv klarer å fatte fullt ut. Det er alltid eit bra teikn når ein byrjer å reflektere over livet og døden når ein ser eit kunstverk! Eg likar også detaljen med at sola er på same stad i kvar rute, den er konstant medan skyene driv forbi (sjølv om vi veit at sjølv sola også vi døy ein dag).

Limborom - Julia Sørensen



trykk på bildet for å åpne teksten i full størrelse

Julia Sørensen har skrive ein forrykande tekst full av rytmer og ungdommeleg rastløyse. Det er interessant å få sleppe inn i hovudet og assosiasjonsrekkene til eit anna menneske! Språket er til for å bøyast på, leikast med, noko Julia gjer til fulle. Flyten er god, og eg får assosiasjonar til slam-poesi eller hip hop, det kunne vore spanande å høyre denne eller ein liknande tekst framført live med beats!

Solace - Louisa Danielsson



trykk på bildet for å høre musikken

“Solace” er eit lyd-verk av Louisa Danielsson som dreg lydane ut og skapar spente og pulserande klangar. Eg får kjensla av å gli sakte gjennom eit landskap der dei ulike lydane er som strå som forsiktig kitlar meg på føtene. I teksten fortel Louisa at ho jobbar med tidsoppleving og sorgprosessar, og reflekterer fint over korleis tid relaterer seg til mediet ho har valt å jobbe med. “Solace” kjennest ut som ein tilstand ein kan vere i, samstundes som ein blir dregen vidare og vidare.

This was supposed to be a nice family portrait… - Indianna Rue



trykk på bildet for å åpne det i full størrelse

Det var svært vanskeleg å berre velje eitt trafotalent, men loddet fall på måleriet “This was supposed to be a nice family portrait…” av Indianna Rue. Det er eit heftig måleri med fargar som treff ein rett i fleisen. Dei barnlege fargane saman med det kinky uttrykket gjer meg usikker på korleis eg skal forhalde meg til verket, eg kjenner på mange motstridande kjensler. Dette er veldig spanande, og eg blir liksom aldri heilt ferdig med å sjå på det. Eg likar også veldig godt tittelen som får meg til å tenke på familieportrettet som fasadebyggande, “vi er berre ein vanleg, lukkeleg familie”, medan det under overflata kan føregå kaotiske og vanskelege ting. Eg blir interessert i å sjå resten av familiealbummet! ---- Takk for at de deler! Hald fram med å skape!

Helsing Henrik