Filmskaper Merethe Offerdal skriver om at mange av verkene på trafo handler om det å bli voksen. Hun har skrevet om noen verkene som utmerket seg i september og kårer Veronika Karlsmoen til månedens Trafotalent!
Eg vil plukke ut Veronika Karlsmoen med si korte forteljing «Lysekrona» til månadens Trafotalent.
På ein skarp, nøktern og presis måte fortel Karlsmoen ei historie om dynamikk, roller og relasjonar innad i ein liten familie ved å sentrere forteljinga rundt ei lysekrone. Menneska i forteljinga oppleves skjøre og forgjengelege, som om dei berre finnes i denne verda eit kort augneblikk, for så å bli til minner, medan lysekrona i forteljinga er evig og står gjennom alt.
Historia har ei god oppbygging og forfattaren skil seg positivt ut frå mange andre bidrag ved at kvart ord vil ein stad, kvart ord trekker i ein tilsikta retning og er signifikant.
Det er ein poetisk og kjenslevar tekst som maktar å setje i gong refleksjonarar og som lagar rom for eigne tankar og erfaringar. Bra skrive!
trykk på bildet for å lese hele teksten
Eit verk eg har lyst å trekke fram er Indiannna Rue sitt bilete «Something long» som på ein spennande måte manipulerer foto av seg sjølv inn i ein collage av eige barneteikningar. Fleire av bidraga denne månaden handla om det såre og overveldande i å bli vaksen, i at kroppen endrar seg og at andre brått ser anleis på deg. For meg er dette biletet ein liten hyllest til barnleg kreativitet, naivitet og fantasi. Noko mange kan sakne som vaksne og ynskje seg tilbake i. Rue er det kvite spøkelset som reiser tilbake til denne barnlege verda for å sveve rundt og undersøke og leike med tankane, kjenslene og forventningane den vesle jenta sat med då bileta vart teikna.
trykk på bildet for å åpne det i stort format
Eit anna verk eg vil trekke fram er “Porta Portese” av Bror August Vestbø. Eit foto viser ei jente i ein haute couture-aktig drakt og med teatralsk sminke som står som eit lysane blikkfang på ein open torgplass og matar duer. Det er ein tiltrekkande energi i biletet med den mystiske og spennande figuren i sentrum og ein fin komposisjon med fuglen som flyr i forgrunnen og delvis skjuler jenta.
Teksten fortel at dette bildet er ein dokumentasjon av drakta Vestbø og Benjamin Barron har designa, men også eit forsøk på å skape ein karakter og ei historie rundt drakta. Tenk å få sjå ein fotoserie med fleire slike bilete!
klikk på bildet for å åpne det i stort format
Det siste verket eg vil gje honør er teksten «Materialismens trøst» av Eline Ruud Christiansen. Ein imponerande episk ballade på rim. Ruud Christiansen har lete seg inspirere av formen og skrivemåten til 500-tals filosofen Boëthius, og det er ei tung og pretansiøs form frå ei anna tid, men som også får ein til å tenke på 70-talets protestviser og passar godt som ein moderne ballade som kan resiterast av klimakampaktivistar og miljøforkjemparar.
klikk på bildet for å åpne hele teksten
Merethe Offerdal