Gjestementor Henrik Koppen takker for seg

Publisert 13. januar 2021

Sist oppdatert 13. januar 2021

News article image

Performancekunstner Henrik Koppen oppsummerer sitt gjestementor-opphold på Trafo.no i desember.

Det har vore spanande å opphalde seg i trafo-bobla i ein månads tid, eg kan verkeleg anbefale å få med seg alt som vert lagt ut på denne sida i laupet av ein månad! Det er eit vell av ulike stemmer og uttrykk, eg blir både inspirert, utfordra, forvirra og motivert! Mest av alt er det veldig gøy.

Eg håpar de er flinke å sjå på kvarandre sine arbeid og knyte kontakter. De er kvarandre sine kolleger, og de vil vere kolleger i framtida (og mine!). I 2020 var det færre møteplassar for oss i kulturbransjen, og då kjem verkeleg nettsamfunn som Trafo til sin rett. Då eg studerte kunst følte eg at eg lærte like mykje av medstudentane mine som av lærarane. Å bygge nettverk er viktig, då ikkje først og fremst fordi det kan vere bra for vidare karrieremoglegheiter, men fordi når ein i kontakt med andre kreative menneske vert ein utfordra og inspirert og oppdagar nye måtar ein kan pushe seg på, utvikle seg på og jobbe på.

Det er ikkje berre lett å gje tilbakemeldingar på arbeida til folk eg aldri før har møtt. I kommentarane mine har eg prøvd å peike ut kva som kunne vore gjort annleis og kva moglegheiter ein har for å utvikle seg vidare, andre gongar skriv eg berre ned nokre tankar og refleksjonar som dukka opp i hovudet når eg såg på arbeida dykkar som eg håpar kan vere til nytte. Eg hugsar godt frå kunststudiene når eg fekk tilbakemeldingar på kunsten min, at dei ulike lærarane gav veldig ulik og motstridande respons og tips til kva eg burde gjere, det føltest stundom som om eg stod i ein spagat der eg ikkje kunne gjennomføre alle dei forslaga lærarane kom med. Til slutt fann eg ut at når alt kjem til alt er det berre eg som kan bestemme korleis min kunst skal vere, så kan ein plukke med seg det av tilbakemeldingar som var nyttig, og gje beng i det som ikkje føltes relevant. Denne aha-opplevinga hugsar eg som svært frigjerande! Det er ei gyllen moglegheit de har her på Trafo, med tanke på at det er nye mentorar kvar månad. Bruk det for det det er verdt!

Godt nytt år, og fortsett med å skape! Stemmene dykkar er viktige!