Billedkunstnar og manusforfattar Rune Furelid har kåra Benedicte Pentha Bakken til månadens Trafotalent for juni
Først må eg få seie at det har vore utruleg kjekt å få sjå alle dei ulike uttrykka som blei sendt inn for juni. Det å skulle velge ein vinnar synes eg ikkje er noko kjekt. Eg likar betre tanken på å trekke fram eller kommentere, for her kjennast det ut som at alle er vinnarar på sin eigen måte.
Dei fleste kulturelle uttrykk har avsendar og mottakar, ei koding og dekoding. Ei kreativ sjel skapar/kodar eit uttrykk og nokon i andre enden tolkar/dekodar dette. Korleis ein tolkar eit arbeid er avhengig av så utruleg mange faktorar og mi tilbakemelding her må difor ikkje leggast meir vekt på enn som mitt synspunkt, mi tolkning, ut ifrå min bakgrunn og ikkje som eit forsøk på å seie at der finnast ein fasit på kva som er bra eller dårleg.
Når dette er presisert så kjem her altså mi dekoding av nokre av arbeida eg ønskjer å trekke fram.
Voksesmerter – av Ingrid Kallestad
Dette er eit bilde eg blei sittande å studere. Ingrid har virkelig fått fram ein følelse av samtida vi lev i i dag. Separasjon, denne avstanden mellom enkeltindivida i det moderne samfunn. Dei upersonlege harde flatene som desse menneska omgir seg med, sett virkelig det menneskelige i fokus. Eksempel på assosiasjonar eg får er at moderne arkitektur kan framprovosere følelsen av å bli fremmedgjort.
Linjene har ulik rytme i dei ulike områda og forsterkar også avstanden eg kjenner på i bildet. Sjølvsagt er der individuell frihet gjennom ulike nyansar i fargane på dei ulike personane, men samtlege av dei er mykje mørkare enn området rundt og underbygger også isolasjonen.
Det er rart korleis eit bilde kan utløyse slike refleksjonar og tankar berre på nokre få sekund etter å ha sett det. For meg er det dette sjølve kjerna i det kunsten handlar om. Evna for eit bilde til å utløyse eit ras av tolkningar ved den som ser.
Eg synes også at Ingrid har klart å begrense seg og kun tatt med det som er nødvendig for å ta meg som sjåar ut i dette lanskapet. Dette bildet er eit veldig godt eksempel på eit av grunnprinsippa i Russisk montasjeteori, nemleg at to eller fleire element i eit bilde utløyser det tredje i hovudet på den som ser. Du har figurane, du har sceneriet og det tredje blir min følelse av å være adskilt, isolert, åleine.
Så her må eg berre klappe høgt! For dette er kunst. Det var vel Edgar Degas som sa at kunst handlar ikkje om kva du ser, men kva du får andre til å sjå!
Så eg vil takke Ingrid for det ho fekk meg til å sjå!
Hva sa du? - av Benedicte Pentha Bakken
Ah! For eit arbeid! Dissosiasjon rett fram betyr vel å koble frå eller å skille element som høyrer saman og er det noko dette arbeidet fekk meg til å kjenne på så var det dette. Denne kjensla av å bli teke over av teknologi, miste seg sjølv så fullstendig at ein til og med mistar kontakten med sin eigen kropp.
Eg synes virkemiddelbruken også er svært bra her! Avfotografering av tredimensjonale element opp mot ein malt bakgrunn på ein vegg, alt dette forsterkar følelsen av avstand og det å være kobla ifrå.
Dette kunne også gjort seg svært godt som eit maleri. Eg synes også fargebruken her er perfekt til arbeidet. Dei naive lette og positive fargane skapar endå meir avstand til slagsida i arbeidet. Ei slagside som for meg handlar om dei negative konsekvensane av det å være påkobla ein annan dimensjon, ein dimensjon som har ein eigen tilstedeværelse som ikkje er forankra i den fysiske lokasjonen til den som er kobla på.
For å trekke ein parallell tilbake til maleriet her, i og med at eg i hovudsak er billedkunstnar og ikkje forfattar, så kan eg peike til Vedbjørn Sand som i si framstilling av andre verdenskrig brukte svært positive, lette og naive fargar på motiv som hadde eit ekstremt mørkt og tungt tema. Og denne virkemiddelbruken framheva og gjorde krigen sine bestialske handlingar endå mørkare.
Så eg synes Benedicte virkelig skapar ein dynamikk i verket som gjer at eg berre må stoppe opp og berre må begynne å ta inn og tolke arbeidet. Så tommelen opp her!
Fristelse – av Hedda Hemmingsen
Imponerande beherskelse av fargar og teknikk her! Spesielt bruken av kalde fargar for å skape illusjonen av refleksjon. Å være så teknisk god gir eit unikt utgangspunkt for å strekke seg vidare imot bruken av det abstrakte, for å gi endå meir til den som ser på bildet.
Når ein kjem på dette nivået som Hedda er på her, så vil vegen vidare slik eg ser det være å eksperimentere med å fortelle mindre for å få den som ser til å kjenne meir. Dette er utruleg vanskeleg å få til men det er absolutt verdt bryet.
Sjølv den italienske mesteren Tiziano Vecelli eller bedre kjent som Titian på engelsk tok seg abstrakte friheter og om ein studerar spesielt bakgrunnen i bildene hans så kunne han være svært så abstrakt. Eg har sjølv som billedkunstnar latt meg inspirere av bruken av det abstrakte som virkemiddel for å engasjere og «dra inn» den som ser på arbeidet eg lagar.
Eg vil applaudere Hedda for å beherske det å male stillben så godt samt oppfordre til å leike med bruken av det under fortalte.
Sommerklær – av Linn Isabel Eielsen
Å fortelle så mykje med så lite tekst ser sanneleg ikkje lett. Men her synes eg Linn Isabel meistrar dette på beste vis. For meg kom ikkje slagsida før det aller siste ordet, badevekt. Då opna teksten seg og alt det som er og kan være feil med samfunnet vårt i dag meldar seg. Det ekstreme presset mot barn og unge voksne, ønsket om å passe inn, presset om å ha ein viss type kroppsfasong, problemet med kjedebutikkar som lagar alt for små klær, mobbing, sosiale medier som flommer over av glansbilder, rekka er lang av assosiasjonar eg fekk når eg las denne teksten.
Det var ein gong ei forfattarinne som skreiv ein lenger tekst, som svar tilbake på eit brev ho hadde motteke og i avslutninga av teksten skreiv ho, «Beklagar at eg ikkje hadde tid til å gjere teksten kortare». Etter mange år på den norske filmskulen på Lillehammer så var det ein ting vi skjønte veldig godt på manuslinja, og det var «to write is to re-write». Å komme fram til ein så kort og konsis tekst som gir så mykje assosiasjonar er sanneleg ein kunst!
Linn Isabel fortel på beste vis mellom linjene! Avstanden mellom ønskje om å kjøpe sommarklær og badevekt er stor og utløyser eit skred av assosiasjonar.
Vidare vil eg berre få nemne teksten til Andreas Moldung, Dødningsbuss, fordi teksten blant anna har ein utruleg flott driv. Eg fekk assosiasjonar til framdrifta som Hunter S. Thompson hadde i sine tekstar og eg byrja av ein eller anna grunn å tenke på boka «The Road» av Jack Kerouac. Om Andreas ikkje har lese denne boka vil eg anbefale han det. Thompson kan også være verdt eit besøk. Begge desse forfattarane kan gi inspirasjon i den retninga Andreas alt er byrja som forfattar.
Så til kåringa av månadens Trafo talent. Eg burde eigentleg skreve ein hyllest til alle arbeida som har blitt sendt inn for juni, for absolutt alle har noko ved seg som er verdt å nevne, men formatet er no eingong slik at eg må velge ein eller ei som blir månadens talent.
Selvportrett – av Benedicte Pentha Bakken
Eg velg dette arbeidet som månadens Trafo talent. Fargebruken gir meg assosiasjonar til impressionisten Pierre-Auguste Renoir. Det er noko herleg naivt over fargane som gjer at eg berre må sjå på dette bildet. Igjen så har dette motivet ein symbolbruk som gjer at verket opnar opp for tolkning. Linjene som bryt med dei andre formene i motivet, brudd som ein kanskje ikkje forventar i eit klassisk portrett, men som er med på å gi mykje meir til opplevinga av bildet.
Å kombinere teknisk godt håndtverk (som auget i midten) med abstrakte ulogiske element gjer dette bildet til eit meget interessant kunstverk. Linjene i bildet er også med på å gi verket eit altoppslukande fokus som dreg meg inn med første augekast. Etterkvart oppdagar eg håndflata som ansiktet lenar seg på og som avslørar noko om tilstanden til personen som er skildra i bildet.
Eg vil også få applaudere formforståelsen til Benedicte. Flatene står klart ut til tross for linjer som bryt og kjempar om å bli sett. Sjølv om ein kan kritisere enkelte element i bildet for å være enkle, så er det nettopp kombinasjonen av det tekniske vanskelege, symbolbruken, det ulogiske opp mot det logiske og det enkle som gjer at dette bildet blir så interessant!
Virkeleg eit spennande verk!
Helsing
Rune Furelid
Billedkunstnar og manusforfattar