Gjestementor i september er Ingrid Skarprud

Publisert 31. august 2021

Sist oppdatert 1. september 2021

Kunstner og formidler Ingrid Skarprud er gjestementor på Trafo i september. Hun håper at ikke bare fiks ferdige verk, men også skisser, ideer og pågående arbeid deles mens hun er gjestementor.

News article image

Hvem er du?
Ingrid Skarprud, utdanna kunstnar og pedagog frå KMD (Kunsthøgskulen i Bergen). Eg har tidlegare jobba med eigne arbeid, men dei siste åra har eg jobba fulltid som kuntnerisk leiar i ein kunstbarnehage. Her er kunstformidling inn mot barn og rettleiing av kollegaer ein del av det kunstfaglege arbeidet. Eg tar ein master i kreative fag og læringsprosesser deltid på HVL. Sjølv om virket mitt er mest i formidling nå, er mi interesse for kunst stor.

Hvilke uttrykk er det du jobber med?
Eg har for det meste jobba med keramikk. Der er det mest skulpturelle arbeid eg har jobba med. Tankane bak verka har alltid vore viktige, og når eg sjølv opplever kunst likar eg å få informasjon og fakta rundt kunstverka og kunstnaren.

Hva har du å lære bort til Trafos medlemmer?
Som gjestementor vil eg fokusere på ideane, prosessen og tankane bak det eg ser. Kvifor vel ein å bruke eit uttrykk. Kva har materialval, teknikk, overfalte, fargar, tekst osb å sei for kva ein vil med kunsten.

Hvilke forventninger har du til oppholdet ditt som gjestementor?
Eg gledar meg veldig til å sjå kva som blir presentert på desse sidene. Eg håpar eg får anledning til å ta del i prosessar i løpet av perioden, at det ikkje berre er ferdigstilte arbeid som blir posta, men skisser, idear og pågåande arbeider.

Fra prosjektet “Terje Vigen” hvor Skarprud skrev ned alle versene i Terje Vigen i leire.

Kopp, laget i samarbeid mellom Skaprud og illustratør Katrin Berge.