Gjestementor i november er Hanne Kolstø

Publisert 3. november 2021

Sist oppdatert 3. november 2021

News article image

Bli betre kjend med musikar, artist, låtskrivar og forfattar Hanne Kolstø. Ho er gjestementor på Trafo i november.

(Foto: Oda Berby)

Kven er du?

Ja, det er jo eit av livets mange mysterium som eg grublar på frå tid til annan, eit spørsmål eg ofte spør meg sjølv i kunsten min, om og om igjen. Men på papiret, er eg musikar, artist, låtskrivar, med over 11 album på samvittigheita, som for tida brukar mest tid på å skrive min første roman. Eg tør eigentleg ikkje heilt å kalle med forfattar enno, men eg kan prøve- eg er forfattar! Eg vaks opp på Sunnmøre, har budd litt rundt omkring etter det, mellom anna ti år i Kristiansand, som eg likar å kalle min andre heimby. No bur eg i skogen i Hvitsten, i eit lite lokalsamfunn langs Oslofjorden, kor mellom anna Munch fekk inspirasjon til nokre av dei største måleria sine. Utanom å skrive, musikk, eller tekst, elskar eg å snekre, skape ting med hendene.

Kva for uttrykk jobbar du med?

Eg blir berre meir og meir glad i tekst, med lyd eller utan: eit fascinerande uttrykk.

Kva har du å lære bort til Trafo sine medlemmar?

Eg håpar eg kan vise nye muligheitar, andre innfalsvinklar, hjelpe dei å utvide horisonten, og gje dei eit skyv til å ynskje fortsette utvikle kunstnarskapen, eit arbeid som aldri tek slutt, uansett kor lenge ein har vore i gamet.

Kva for forventning har du til opphaldet ditt som gjestementor?

Eg reknar med eg kjem over mykje bra, og gler meg veldig til å oppdage nye talent.

www.hannekolstoe.com