Forfattar og tidlegare Trafo-medlem Svanhild Amdal Telnes trekk fram bidrag frå Benedicte Pentha Bakken, Elise Åkesson, Ingrid Kallestad, Ronja Lindbach, Petter Westlund og Gunnar Sannan, før ho kårar Eir Vatn Strøm til månadens Trafotalent for november.
Kjære Trafo-folk!
Det er eit ærefullt oppdrag, som gammalt Trafo-medlem, å få komme tilbake og kåre månadens Trafotalent for november. Eg hugsar godt både mentorordninga og nettverket med andre unge kunstnarar, og var spent på kva som rørte seg av kunstuttrykk her inne no. Og så mykje spennande de lagar! Det har vore veldig fint å sjå breidda, skapargleda, utprøvande uttrykk, eksperimentering, utforsking av teknikk, gode startar og meir ferdige verk. Det er ei nærast umogleg oppgåve å skulle løfte fram berre eit bidrag, og eg er heldigvis oppfordra til å nemne fleire verk som har imponert, inspirert eller gjort inntrykk på meg. Her kjem nokre av dei:
«Spor» av Benedicte Pentha Bakken er ei visualisering av korleis ein let seg farge av dei rundt seg. Ideen er tydeleg og god, og resultatet har vorte ein fin liten kunstfilm eg vart sitjande å grunne over. Fargen vert lagt på med ulik kraft og meining, frå varsam prikking til den urovekkande, raude handa som strammar seg litt kring halsen hennar. Filmen sette i gang refleksjonar i meg om korleis me menneskje verkar på kvarandre.
«Sleeping beauty» av Elise Åkesson er eit svart-kvitt fotografi av ein avkledd modell med ryggen til, der ryggsøyla står skarpt ut av biletet. Biletet har eit røft, men samtidig mjukt uttrykk, illustrert av tittelen: søvnen, når er ein nokon gong mjukare? Det er berre delar av kroppen som er eksponert i ljoset, resten av skikkelsen trer inn og går i eitt med den svarte bakgrunnen, og fotografen viser seg med eit medvite blikk for både motiv og teknikk. Eit spennande fotografi.

Sleeping beauty av Elise Åkesson
Portrettserien til Ingrid Kallestad kom eg stadig tilbake til, desse kubistiske fjesa med så spennande uttrykk. Her var det mange som stod ut, men eg merka meg spesielt «Magikeren» og «Djevelen» som dei som verka sterkast på meg. Magikeren; gjennom at eg vart nysgjerrig og vart sitjande å studere detaljane, det dukka stadig opp nye ting, og Djevelen; gjennom at det uutgrunnelege blikket trefte meg så hardt. Djevelen er redd!

Magikeren av Ingrid Kallestad
Ronja Lindbach imponerte meg stort med den stødige, men samtidig såre, poplåta «Freedom». For ein vokal! Dette er hennar fyrste bidrag på Trafo og det er alltid stas å ynskje nye medlem velkommen.
Eg var spent på om det kom til å vere tekstbidraga som talte mest til meg, sidan eg sjølv er forfattar. Den fine, vesle novella «Her nede fryser jeg også» av Petter Westlund rullar opp meir og meir av ei sår historie. Eg vart nysgjerrig på kven mannen i vaskekjellaren var, og om han i det heile teke var der eller berre fantes inni hovudet til jeg-et. Eg får ein følelse av at forteljaren ikkje nødvendigvis er til å stole på, noko som ofte skapar ein spennande dynamikk i ein tekst.
Teksten «Idyll» av Gunnar Sannan har ein intensitet over seg som er interessant. Diktar-eget har eit «svartsyn» som gjennomsyrar teksten, motiva er prega av sement, hat og forureining. Ein av setningane frå teksten stod ut og markerte seg då eg las: «Men solen brenner slik den vil.» Det setninga sitt som eit skot og rommar for meg både noko eksistensielt, djupt naturleg og endetids-aktig.

Idyll av Gunnar Sannan
Det var likevel ikkje eit tekstbidrag eg landa på i prosessen med å kåre månadens trafotalent. Eller, det er ikkje heilt rett, for verket som går heilt til topps er ei tonesetjing av eit veldig fint dikt av Anders Hovden. Sjølv om teksten er fin, er det musikken som løftar dette verket til noko spesielt for min del. Eg vart litt overraska over kor sterkt bidraget verka på meg. Songen «Handi hans far min» har ein moden komposisjon, som blandar det tradisjonelle og moderne. Eir Vatn Strøm framfører verket med ein strålande vokal som kler stoffet perfekt, og blandinga av den klare vokalen og elektronika gav med assosiasjonar til Susanne Sundfør og Røyksopp sin «Running to the sea.» Eg såg for meg å stå framfor ein utescene omgjeve av vill natur, med lysshow som komplementerte musikken. Komposisjonen i «Handi hans far min» bygger seg gradvis opp før han «bit seg sjølv i halen» og munnar ut i sår nynning. Det var spennande å lese under bidraget at det er planlagt å arbeide vidare med songen og spele han inn i studio, eg kan ikkje seie anna enn at eg gler meg til å høyre! Månadens trafotalent for november er «Handi hans far min» av Eir Vatn Strøm, gratulerer så mykje!
Til alle trafoistar: Lykke til vidare med kunsten dykkar, og ha ei god førjolstid!
Svanhild Amdal Telnes