Ida Jacklin er månedens TrafoTalent i juni

Publisert 18. juli 2022

Sist oppdatert 18. juli 2022

Billedkunstner Ellinor Ødegård Staurbakk kårer Ida Jacklin til månedens TrafoTalent for måned juni. Hun trekker også frem verk av Ingrid Vigerust Kallestad, Tora Ovidia Berg, Robert Lange og Helge Sigurd Amdal Telnes.

News article image

Takk for at eg har fått moglegheita til å kåre juni sitt trafotalent! Det har vore inspirerande å få lov til å sjå på så mange gode og unike bidrag. Eg har blitt tatt med på ei reise gjennom mange ulike kjenslespekter, stemningar og uttrykk og det har vore veldig givande.

Verket Floating Feet var eit av dei første bidraga eg la merke til med sin nydelege koreografi og enkle og elegante scenografi. Serien stille liv var også eit blikkfang med sine sjarmerande illustrasjonar, gode komposisjonar og flotte fargebruk.

Eg tykte det var rørande å lese teksten Jeg er bare innom, jeg er på veg. Den er skrive i ein dagbokliknande form med innslag av magisk realisme og reflekterer rundt det å vere på veg og det å vere heime. Når ein er på veg er ein ikkje tilgjengeleg, noko som kan vere deilig fordi ein kan kjenne seg fri frå ansvar. Samstundes, slik eg tolkar slutten av teksten, kan ein også risikere å ignorere monster i livet som ein eigentleg burde ta stilling til. I teksten blir det skildra fleire fine og kjenslemessige augeblikk. Eg relaterer spesielt til den delen som handlar om at nokon har venta på busstasjonen for å køyre deg heilt, heilt heim, opp gjennom alle svingane for å så bære tinga dine inn døra. Dette minner meg om måten min far viser kjærleik gjennom handling.

Bidraget ITPD tape imponerer meg med sin allsidigheit. Verket består av fleire sekvensar med animasjonar og lydbilete med heilt ulike stemningar. Illustrasjonane er fint teikna og animasjonane er enkle og likevel effektive. Eg skulle gjerne høyrt meir av musikken og sangtekstane då eg tykte det var veldig fengande.

Diktet Skåre er kort, men livleg. “Auget ser ikkje krossen frå skeisene teikne seg sjølv” er ei setning som får meg til å sjå føre meg mykje. Når ein går på skøyter legger ein igjen spor ein ikkje kan sjå medan ein lagar dei, det får meg til å tenkje på kva andre spor ein legger etter seg, som ein kanskje ikkje legger merke til. Eg ser også føre merkene eller krossane som illustrasjonar.

Eg velger Office Party som månadens trafotalent fordi verket er sterkt når det kjem til både material og innhald. Ved første augekast tykte eg at Office Party virka humoristisk og litt skummelt samstundes. På eit kontor eller på dei fleste jobbar må ein ofte følgje eit sett med sosiale normar og oppføre seg profesjonelt. Når det er jobbfest derimot, kan ein sleppe seg litt meir laus, ein kan lære å kjenne kollegaane sine betre og vise kven ein eigentleg er. Poenget med ein jobbfest er jo å forbetre arbeidsmiljøet. Samtidig er det ei samansetting av menneske som aldri ville gått på fest saman ellers, dermed er det ofte dømt til å bli litt kleint.

Motivet viser ein person som ligger på eit bord - ei handling ein stort sett ikkje kan gjere når ein er jobb. Eg ser det er god stemning på jobbfesten og at nokre har begynt å danse på skriveborda. Materialet ser ut til å vere ordinære svart/kvitt-utskrifter i A4 - noko som er vanleg å sjå på eit kontor. Kanskje det er eit foto tatt og printa ut på ei skrivemaskin på jobbfesten? Papiret er oppklipt, dette minner meg om makuleringsmaskiner - også eit apparat som er vanleg å bruke på kontor.

Verket får meg til å undre over kva handlinga av å øydelegge og reparere symboliserer. Det er ikkje satt saman akkurat slik som det var, men vevd saman på ein forskrudd måte. Det er noko ubehageleg med eit ansikt som ikkje henger riktig saman. Kanskje det handlar om at minnene er grumsete eller at ein slapp seg litt for laus på festen? Eg tenkjer at papiret er det same som før, men at det har fått nye reglar. Slik som at kontoret og dei ansatte er dei same, men på fest er det andre sosiale normer. Etterkvart tenkjer eg at verket er alvorleg. Ein makulerer berre papir med sensitiv informasjon som ein ikkje vil dele. Dette får meg til å tenkje på #metoo, ein bevegelse som starta i 2017 der kvinner brukte sosiale medier til å ytre seg om diskriminering og trakassering på arbeidsplassen. Jobbfesten er ein mogleg plass der grenser har blitt overskrida.

Eg veit jo ikkje kva kunstnaren har tenkt, men eg tykkjer at det er bra at verket har fått meg til å undre. Materialetvalget og utføringa, det å klippe opp papir og veve det saman igjen, passar godt med motivet og tittelen. Det fungerer både visuelt og konseptuelt.

Det var vanskeleg å velge sidan det var så mange flotte bidrag. Dykk er ein imponerande gjeng og eg håper dykk fortsetter å skape med glede!

Eli Mai Huang Nesse