Sunniva Relling Berg er GjesteMentor i august

Publisert 1. august 2022

Sist oppdatert 1. august 2022

Forfatter og tidligere trafoist Sunniva Relling Berg er GjesteMentor i august. Hun er godt kjent med å dele kunst på nett, og gleder seg til å se hva Trafoister publiserer denne måneden.

News article image

Foto: Tove K. Breistein

Hvem er du?
Ein 34-åring som prøver å sjonglere eit forfattarskap med rolla som firebarnsmor (1 år gamle trillingar + 4-åring) og det å faktisk tene pengar til å leve. Eg visste tidleg at eg ville bli forfattar, men tok utdanning fordi eg hadde lært at det er nyttig. Etter to år på Industriell design, var eg eit år på Skrivekunstakademiet før eg enda med å ta ein master i digital kultur. Eg har jobba på biblioteket ved Årstad VGS, og det var så fint å snakke med mange forskjellige folk om bøker og livet.

Hvilke uttrykk er det du jobber med?
Tekst i mange ulike formar. Eg har gitt ut romanar for barn, ungdom og vaksne på Samlaget, og noveller til ulike antologiar. I fjor haust starta eg ein podkast (Skrivesnakk) der eg snakkar med andre forfattarar om skrivehandverket.

Då eg sjølv var medlem på trafo.no, teikna eg ein del berre for gøy. Eg likte òg veldig godt å lage film, og har gjenoppdaga denne gleda via Reels som eg leikar med meg for tida.

Lyden av to hender, roman av Sunniva Relling Berg

Hva har du å lære bort til Trafos medlemmer?
Eg har sjølv lært utroleg mykje av å vere medlem på trafo.no og liknande nettstader, først og fremst ved å faktisk tørre å vise fram det eg har laga og få eit nytt blikk på eige verk. Så eg håpar mine kommentarar kan bidra til å gi dykk dette, noko å bryne seg på, bli inspirert av, eventuelt provosert av.

Hvilke forventninger har du til oppholdet ditt som gjestementor?
Eg gler meg! Skrivinga mi har i stor grad fått vekse fram og blitt moden på internett og eg har sakna å vere del av eit slikt nettsamfunn. Eg er spent på å sjå kva de lagar, og få bli med i samtalen her på trafo.no denne månaden.

Sunniva Relling Berg