Sunniva Relling Berg takker for seg

Publisert 1. september 2022

Sist oppdatert 1. september 2022

Sunniva takker for seg etter en måned som GjesteMentor i august. Hun trekker frem Ingrid Vigerust Kallestad, Oda Thowsen, Maria Weum, Ola G. Snippen, Ivo Ek, Nina Thuestad Forus, Matilde Gham og Herman Østby som har utmerket seg denne måneden.

News article image

Det har vore ei stor glede å få lov å vere tilbake på trafo denne månaden! Eg har fått sett mange ulike uttrykk, og er glad for å sjå at sida framleis lever takka vere alle de som legg ut verka dykkar.

Noko av det som sitt att etter denne månaden, er ei lita jente knuga av ei alt for stor hand (i Ingrid Vigerust Kallestads bilde «Hvordan kunne jeg ha visst det?» 1/2).

Det er lyset av sommar, fanga i tegninga til Oda Thowsen: Sommerferie og solnedgang, og utsikta frå ferien min i eit måleri frå Jomfruland (av Maria Weum).

Det er overraskinga av kor estetisk to pillebrett kan vere i «en ny vår» av Ola G. Snippen og at ei strikka lue og rufsete hår kan bli eit friskt pust, i den fine bildeserien Teller baren én av Ivo Ek.

Det er trøyst i ein kaffikopp (av Nina Thuestad Forus) og oppdaginga av at sandkassa kan romme «Et liv i ensomhet« (av Matilde Gham).

Slik kunne eg ha halde fram, for det har vore så fint å få alle desse ulike opplevingane og eg tar dei med meg vidare.

Det som har overraska meg, er kor få som eigentleg har lagt ut ting på trafo i denne månaden. For det er jo ein unik mulegheit å kunne legge ut her, og få innspel frå kvarandre. Ein eg vil trekke fram, som er aktiv på å kommentere andre sine verk – og deler mange eigne – er Herman Østby. Dette er med på å skape dialog og gjere samfunnet her endå meir verdifullt. Herman har òg lagt ut dei verka som har utfordra meg mest, på korleis eg skal møte dei – og det er ein god ting. Til dømes var det ubehageleg å utforske verket: Gullgutt fra stallen i Bangladesh, Nikesko-hallen.

Eg håper endå fleire vil oppdage kor gull det er å kunne nytte trafo til å utvikle kunsten sin – og at de veit å bruke det for alt det er verdt, i den perioden av livet de har mulegheit til å gjere det.

Tusen takk for ein spanande månad saman med dykk!

Sunniva Relling Berg