Eli Mai Huang Nesse er GjesteMentor i november

Publisert 1. november 2022

Sist oppdatert 1. november 2022

Kunstner Eli Mai Huang Nesse er GjesteMentor i november.

News article image

Hvem er du?

Hei! Mitt namn er Eli, eg kjem frå Sogndal og bur no i Oslo. Mitt fagfelt er hovudsakleg kunst. Av utdanning har eg ein Bachelorgrad frå den Kungl. Konsthögskolan i Stockholm og nyleg ein Mastergrad frå Kunstakademiet i Oslo. Kvardagen min består av å eksperimentere på atelieret mitt, jobbe fram mot utstillingar og å vere assistent for andre kunstnarar. I blant jobbar eg også med å lage scenografi til teaterforestillingar. Det beste eg veit er å oppleve kunst, sjå på film og teater. Ellers liker eg å sanke nyttevekstar i naturen, lage mat, gå i badstu og bade. Når eg har tid prøver eg å lære meg mandarin, sidan eg har familie derfrå.

Stillbilete frå filmen “I Forgot My Grandparents’ Names”

Hvilke uttrykk er det du jobber med?

Dei siste åra er medium eg har jobba mest med film, installasjon og tekst. Visuelt varierer arbeida mine mykje frå gang til gang, sidan eg lar tema eller konsept få bestemme rammene. Formidlinga mi er derimot meir eller mindre konstant. Eg jobbar med historieforteljing og brukar ein blanding av dokumentar og poesi. Skrivestilen min er komisk og konsis. Ein raud tråd for meg er det udefinerbare. Eg er interessert i situasjonar der ein ikkje veit kva eg skal føle, til dømes når ein vil le og grine samtidig. Dei siste to verka mine har handla om dyr og planter som ikkje passar inn i kategoriar og kjensla av å få ei gåve ein ikkje vil ha.

Stillbilete frå filmen “Tusen takk”

Hva har du å lære bort til Trafos medlemmer?

Som både nysgjerrig og rastlaus, så kan eg litt om mykje forskjellig, men eg er ikkje spesialist på ein spesifikk teknikk. Eg har blant anna testa ut illustrasjon og maleri, skodespel, performance, scenografi, tekstskriving, skulptur i mange ulike materialar, installasjon, filmskaping, fotografi, veving og å sy tekstilapplikasjon og kostymer. Derfor har eit breidt spenn med erfaring som eg kan bruke når eg gir tilbakemelding.

Når eg viser arbeid sjølv så liker eg å få respons. Eg har lyst til å vite kva tilskodaren tenkjer og føler. Har dei tenkt det same som meg? Forstår dei kva eg har prøvd å formidle? Det er ikkje alltid så viktig at dei tolkar det akkurat slik eg har meint, så lenge dei får noko ut av det. Til Trafo sine medlemmar skal eg komme med respons, tankar og refleksjonar som forhåpentlegvis kjennest nyttig. Mitt mål er at dei skal lære noko om seg sjølv og arbeida som dei ikkje har tenkt på før. Eg skal gjere mitt beste for at medlemmane skal få nye tankar og idéar ved å komme med forslag som utfordrer litt. Det eg vil er å hjelpe dei med å finne sitt eige unike uttrykk. Det viktigaste er at dei stoler på seg sjølv.

Artifact

Hvilke forventninger har du til oppholdet ditt som gjestementor?

I juni fekk eg gleden av å kåre månadens talent på trafo. Noko eg syns var utruleg gøy og inspirerande. Det var artig å få oppleve og tolke eit vidt spenn av ulike kunstformar. Eg ser føre meg at å vere gjestementor er litt det same, berre at denne gangen får eg meir tid til å sjå fleire arbeid og moglegheita til å sette meg litt meir inn i dei.

Eli Mai Huang Nesse