Månedens TrafoTalent for mars er November Skutle

Publisert 10. april 2023

Sist oppdatert 20. april 2023

Forfatter Sunniva Relling Berg kårer November Skutle til månedens TrafoTalent for mars. Hun trekker også frem Astrid Ardagh, Iver Alne Bolin og Amalie Larsen som utmerket seg denne måneden.

News article image

Det er ei glede å få sjå gjennom alle verka som har blitt lagt ut på trafo.no i mars! Først og fremst er det mykje slåande visuelt, ei utforsking av kropp og teknikkar frå japanske tresnitt til digital kollasj. Det er tekstar som provoserer og vil noko. Det er musikk med vakker vokal og film som pirkar i innøvde førestillingar om korleis vi skal oppføre oss.

Det er mange å trekke fram, som filmen til Astrid Ardagh: Sphere A. Filmen overraskar og gjer at eg ser offentlege rom på ein ny måte. Lydane i rommet får ein eigen klang i filmen, i skiftet mellom det opne rommet og nært på personen på golvet. Det blir ei framandgjering av det kjente, som eg synest er godt gjort. Det skjer ei utvikling undervegs, og når det etter kvart er eit metallstativ som rører seg, gir det òg ein ny dynamikk og spaning i filmen.

Eg blei gripe av opningsbildet i teksten Vinternetter av Iver Alne Bolin: Vinternetter som er lysere enn sommernetter. Dette er eit bilete som bryt med forventningane, med vinter som mørke og kulde. Men teksten klarer å begrunne det òg, og skaper nokre svært visuelle og klare bilde, og ei stemning som heng att etter eg er ferdig med å lese. Teksten skaper eit stort rom rundt ein liten observasjon, og overraskar på den gode måten.

Amalie Larsen har lagt ut verket Rot, som det er muleg å fortape seg i. Det er så mange detaljar og teksturar. Det er ein spanande kontrast mellom det blyantteikna og det som er måla. Eg får opplevinga av at verket skildrar eit liv, lag på lag med historier.

Astrid Elgethun har tatt bilde av maleriet sitt. Sovende våken har nydelege blåtonar og penselstrøk, som kjem godt fram på fotografiet, og mot himmelen som blir spegla i vindauget bak.

Verket som gjorde sterkast inntrykk på meg av verka som blei lagt ut i mars, er November Skutles Untitled. Det er vakkert lys, god komposisjon og interessante kontrastar. Eg blei gripe av blikket til den eine modellen, som ser rett på meg. Fargane på biletet gjorde òg at dette stod ut. Det er eit fascinerande bilete. Skyggane speler fint over modellane, det varme sollyset, i stråa og huda. Det er eit motiv som overraskar. Det er noko intimt med måten modellane står på, halvvegs gøymd mellom stråa. Mange historier i blikka deira, i hovudet mot skuldra, i handa som bøyer vekk strå.

Gratulerer til November Skutle som TrafoTalent i mars!

Sunniva Relling Berg