GjesteMentor Heidi Furre takker for seg

Publisert 1. juni 2023

Sist oppdatert 1. juni 2023

News article image

Heidi Furre takker for seg etter en måned som GjesteMentor i mai. Verkene på Trafo har gjort sterkt inntrykk på henne denne måneden.

Lite visste eg at tida som gjestementor på Trafo.no skulle by på så mange gode kunstopplevingar! I løpet at desse tretti dagane har eg oppdaga alt frå musikk til poesi som virkelig har festa seg hos meg. Enkelte verk kjem eg nok aldri til å gløyme, og eg håpar eg møter desse på andre plattformer i framtida.

Eg beundrar alle som tør å legge ut verk her på Trafo. Eg ser at mange av dykk har det gøy, mange har funne «greia si» og mange eksperimenterar med både uttrykk og teknikkar. Enkelte verk har overvelda meg fullstendig, og eg har måtte gå tilbake til dei fleire gonger. Innimellom har eg ikkje kommentert, fordi eg ikkje har hatt lyst til å komme med ei vurdering. Enkelte verk står heilt støtt på eiga hand, og treng ikkje løftast opp av verken kommentarar eller likes. Veldig mange av dykk har kombinasjonen av både teknikk og talent, og eg er både misunnelig og fascinert.

Eg vil oppfordre alle til dele MEIR, MEIR, MEIR! Det har vore luksus å logge seg inn her kvar dag for å sjå kva som har blitt delt sidan sist, og sjølv om eg ikkje er gjestementor lenger håpar eg på å følge fleire av profilane her inne. Eg ser at dei av dykk som er aktive i kommentarfeltet er rause med kvarandre, og eg håpar fleire tør å kommentere i framtida. Så ei oppfordring til dei som driftar Trafo.no: er det mulig å endre på kommentarfunksjonen slik at det går an å svare på kommentarar, slik at ikkje alle kommentarar havnar i kronologisk rekkefølge? Har opplevd det som litt vanskelig å diskutere fram og tilbake når alt havnar i ein lang felles tråd.

Til alle dykk som ikkje deler; det er også greit. Eg håpar dykk er mange som brukar denne plattforma til å observere, og til å øve seg på å møte kunst. Å møte kunst her inne er like viktig som å kunne dele. I løpet av denne månaden har eg blitt tvungen til å lese, tolke og forstå ting eg ikkje har peiling på sjølv eller ikkje pleier å oppsøke. Eg har kost meg veldig med denne utfordringa, og prøvd å akseptere at eg rett og slett ikkje forstår alt. Forhåpentlegvis blir alle vi som utforskar Trafo litt rikare kvar gong vi loggar inn.

Heidi Furre