Marie Longva Danielsen takker for seg

Publisert 1. februar 2024

Sist oppdatert 1. februar 2024

News article image

Marie Longva Danielsen oppsummerer sin måned som gjestementor i januar. Hun sitter igjen med sterke inntrykk og er blitt inspirert til å selv tørre å dele kunsten sin oftere.

Januar gjeng mot slutten, og det gjer då også mi tid som gjestementor her på Trafo. Det har vore ein kald månad, og det ser ikkje ut til å gå så mykje betre med verda i 2024. Trafomedlem Linn Isabel Eilesen si stripe Krig #494 resonnerte sterkt i meg: Det er nokon ting ein håpar ein aldri forstår kvifor nokon kan få seg til å gjere. Samtidig har eg også fått oppleve mykje vakkert som eg har kunne varma meg på gjennom Trafo sine sider. Frå å kunne drøyme seg vekk i November Skutle sitt fotografi “hjem” til å kjenne på sorga og undringa over livet i Nora Ferkingstad Liknes sitt dikt “Undrar du?” til den komiske og absurde musikkvideoen til Henrik Haukland Våge til å sjå objekt og rom på ein anna måte med Eira Filtvedt sin leik med lys i fotografia sine. 


Det er ikkje lett å gi tilbakemelding gjennom ein kommentar på noko som er så personleg som kunst, og eg skal vere ærleg å seie at nokon gongar har eg gått inn på Trafo og sett fotografi, biletkunst og lest tekstar som har gitt meg sterke opplevingar som eg rett og slett har slite med å sette ord på. Men eg har gått inn på kvart bidrag denne månaden, og det har vore stort å få oppleve dei, for det skal seiast at det er utruleg høg kvalitet på det som blir lagt ut her! Eg trur ikkje nok folk veit om all den fantastiske kunsten som ligg her ute på Trafo.

 
Og kanskje er det det viktigaste eg kjem til å ta med meg etter denne månaden - at eg skal fortsette å gå innom her og la meg bli inspirert, og sjølv tørre å dele min eigen kunst oftare.


Tusen takk for alle opplevingane!

 

Tekst av Marie Longva Danielsen