Ingrid er en av mange kunstnere i vår høyteknologiske tid som søker tilbake til det figurative. – Figurativ billedkunst er menneskelig av natur, sier hun til Trafo.
Ingrid Moa maler bilder med solid forankring i en gjenkjennelig virkelighet. Samtidig er det ofte noe tvetydig, nesten mystisk ved motivene hennes, noe som setter i gang tankeprosesser hos betrakteren. «Hvorfor har den damen en plastpose på hodet?» tenker man kanskje.
Eller: «Hva er det kvinnen med det skumle blikket prøver å gjøre med hun som ligger på strykebrettet?»

Trafo vil gjerne komme til bunns i slike spørsmål. Men når vi tar kontakt med Ingrid, begynner vi med å spørre om det helt grunnleggende.
Hvem er du, hvor kommer du fra og hva slags bakgrunn har du?
Eg er 25 år og kjem frå Vestlandet. Eg er utdanna sivilingeniør i kjemi frå NTNU i Trondheim, noko som kjennest ganske langt unna det eg jobbar med no. Etter fem år med realfag valde eg å sjå mot kunsten, og byrja på Einar Granum Kunstfagskole i Oslo, der eg no går andre året. For augeblikket har eg òg eit opphald hos Odd Nerdrum.
Eg trur realfagsutdanninga mi har vore avgjerande for måten eg måler på, sidan det har vore så formativt på eit personleg plan. Og i botnen så handlar nok både realfagsinteressa og kunstinteressa mykje om ei nysgjerrigheit på naturen.
Alle barn tegner og maler, men flesteparten slutter når de kommer i tenårene. Hva var det som fikk deg til å fortsette?
Faktisk slutta eg å teikne og måle då eg byrja å studere, men etter nokre år følte eg sterkt at noko mangla. Då eg fann tilbake til teikning og måling att, og spesielt då eg oppdaga oljemåling, var det som å finne tilbake til ein del av meg sjølv eg var i ferd med å miste.
Kan du fortelle litt om hvordan du jobber? Tar du for eksempel utgangspunkt i foto eller baserer du deg på rene fantasimotiver?
Ofte kjem idear til bilete ramlande ned i hovudet på meg på tilfeldige tidspunkt, som på t-banen, i kø på butikken eller midt på natta... då er det fint å alltid ha med seg ei skissebok!
Eg lagar alltid fleire skisser der eg tester ulike komposisjonar. Så lagar eg ein eller fleire små fargestudiar i måling. Dersom det er eit krevjande motiv med litt komplisert anatomi på gang, tek eg bilete av meg sjølv eller brukar spegel. Ofte må det over hundre bilete til for å få det riktig. Eg har ein tålmodig sambuar bak kamera! Men det er viktig for meg at foto forblir eit hjelpemiddel og ikkje ein fasit. Mykje finn eg på undervegs. Eg ser ikkje noko poeng i å sitje og kopiere eit foto.
Kan du plukke ut tre av bildene dine og fortelle om hvordan de ble til og dine tanker rundt dem?

«Villhesten» viser ein leikeplass-hest i åpent landskap som står forankra i bakken. I dette måleriet ville eg få fram noko av korleis barndommen følgjer oss gjennom livet på godt og vondt. Hesten er «vill», men sit urokkeleg fast i bakken.
I «World Peas» ville eg skape eit narrativ om ein kaotisk verdssituasjon med noko så lite som erter på ein tallerken. Ertene ligg i ei ordna rekke, men éi av dei bryt ut. Det er lite som skal til for å forstyrre ein balanse.
I «Hypnagogi» prøver eg å skildre overgangen mellom det å vere vaken og i søvn, ein tilstand der tid og rom glipper. Då kan ein oppleve sanselege avvik, som kjensla av at kroppen faller, endå ein ligg heilt stille. Nokre gonger kan det utløse eit muskelrykk, eit hypnagogisk rykk, der vi skvett oss sjølv vakne.
Noen vil sikkert kunne beskrive bildene dine som dystre. Hva er din kommentar til det?
Oi, ja, jo... eg opplever ikkje bileta som dystre sjølv, men det er fleire som gjer det. Eg prøver vel å unngå at eit bilete blir berre negativt eller berre positivt, det er ikkje så interessant. Eg jaktar helst ein ambivalens. Det er fint når eit verk har eit stille alvor og samstundes noko som bryt det opp.
Den figurative billedkunsten har fått en renessanse de siste årene. Det er bare å se på tv-serien om familien Nerdrum og populariteten til kunstnere som Sverre Malling og William Heimdal. Hva kan det komme av, tror du?
Det er kanskje eit teikn i denne høgteknologiske tida at mange søker trøst i det menneskelege. Figurativ billedkunst er jo veldig menneskeleg av natur.
Opplever du deg selv som del av slik bølge? Gjør det i så fall at det blir enklere for deg å få utstillinger?
Eg er kanskje ein del av ei slik bølge, men utan å vere særleg bevisst på det. Eg lar meg sjeldan styre av trendar og andre sine meiningar, og arbeider figurativt fordi det kjennest rett for meg.
Om den aukande interessa for klassisk figurativ kunst fører til fleire utstillingsmoglegheiter, er vanskeleg å seie. Det er ofte eit skilje mellom kva folk flest set pris på, og kva institusjonar og dei med definisjonsmakt anerkjenner. Eg tykkjer ikkje samtidskunst og figurativ billedkunst er gjensidig utelukkande. Det trur eg mange i den nye generasjonen kunstnarar kan vere einige i, og figurativt måleri blomstrar jo også internasjonalt.
Hvilke planer og ambisjoner har du på lenger sikt?
Eg skal gjere ferdig andreåret på kunstskule, og har ingen konkrete planar etter det endå. Men eg skal ikkje slutte å måle! På sikt vil eg gjerne inn på eit galleri eller starte noko eige.
Hvordan bruker du Trafo, og hva har Trafo betydd for deg?
Eg har hatt stor glede av å leggje ut det eg har laga og få tilbakemelding frå mentorane og andre. Det er ein veldig fin motvekt til å leggje ut i sosiale medier, der responsen målast i kvantitet og sjeldan går i djupna. Tidlegare i år hadde eg også gleda av å få vere med på ein grafikkworkshop ved Myren Grafikk i regi av Trafo, noko som var utruleg lærerikt!
Du kan følge Ingrid videre på profilsiden og hjemmesiden hennes. En oversikt over tidligere TrafoProfiler finnes på denne siden.
I juni ble Ingrid Moa kåret til månedens talent her på Trafo.no. Les begrunnelsen her.